Fasaden

‘Fasade’ betyr framsida på ein bygning, og kjem frå fransk, kan me lesa i ei etymologisk ordbok. ‘Fasade’ kan òg ha samanheng med latin ‘faccia’, som kan bety ‘ansikt’, og det finn me att i engelsk ‘face’. Slik kan me finna forklaring på at ‘fasade’ både kan brukast om bygning og om utsjånad meir generelt, også hjå menneske.

Mange brukar mykje energi og ressursar på den personlege fasaden. Skal me tru statistikken, og stundom likar somme av oss det, brukar me årleg ca. 5,4 mrd kroner (2017-tal frå SSB) på kosmetikk og toalettartiklar som i stor monn skal pynta fasaden vår i vid forstand. I rettferds namn skal seiast at talet også omfattar ting som ikkje vert brukte for å halda fasadane våre fine. Likevel, talet kan godt tena som eit bakteppe for den store gjevargleda som TV-aksjonen nyleg viste for Kirkens bymisjon, der mellom 250 og 300 millionar kroner vart resultatet. Og dessutan, å kjenna på den eigne gjevarinnsatsen kan vera med på å pynta på medkjenslefasaden. Uansett er det storarta at Kirkens bymisjon har fått meir pengar å rutta med.

Å halda ein positiv fasade, både bokstavleg og i overført tyding, har utvikla seg til ein livskunst for somme. Dei er ufatteleg dyktige til det, så dyktige at ein nesten kan tru på dei. Dei framstår som lytefrie og vellukka og må nærast fråtsa i lukkekjensler, kva no det måtte vera. Andre er mindre hage til å halda fasaden. Spesielt når bekymringane eltar rundt i kropp og sjel, vitnar ansiktsuttrykk, stive smil, ei lutande kroppshaldning og ei famlande røyst om at livet leitar på. Fasaden nærast kveser ut at livet er ugreitt.

Dei fleste av oss stavrar gjennom fasadelandskapet ved rett og slett å vera oss sjølve. Me lėt fasaden fortelja kven me er og kva me kjenner, stort sett. Det hender no og då at me prøver oss med litt fasadeflikking, for skam skuld. Me innser likevel at ein lukkefasade som me kan tru på, eller ein fasade som viser krakelering og småskadar, begge høyrer til i det verkelege livet i samhandlinga mellom menneske.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

thirteen − 1 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.