Kvardagsglede

Søkjande og
attkjennande
smyg ei hand seg
over mi,
stryk varleg over aldrande hud
med synlege blodårer,
fingertuppane
penslar små rørsler
med samkjensle
og kvardagsglede
inn i ein augneblink
av vibrerande liv.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *