«Konsen»

Somme av oss har vakse opp i bygdesamfunn der det var vanleg å gje folk utnamn eller kallenamn. Ikkje sjeldan var desse namna litt ufine og kunne nok av og til kunna seiast å vera mobbing.

To døme frå barndomen min i Lofthus-bygda kan illustrera kva eg tenkjer på. Ein kar gjekk under namnet «Ole kons», eller berre «Konsen». Soga bak namnet er enkel og infam. Som unggut hadde han arbeidd nokre månader som dreng i Telemark. Då han kom heimatt, hadde han bytt ut hardinguttrykket «aoko/aokan(s)» med «åkkons» eller «‘kons». Dermed var det gjort. Resten av levetida vart han ikkje kalla anna en «Konsen» eller «Ole Kons». Sannsynlegvis tykte han ikkje særleg om det, men det var nok fåfengt å gjera noko med det.

Ein annan kar, som også heitte Ola, fekk kallenamnet “Ole sjømann”. Han hadde faktisk to kallenamn, og det andre var “Poraten”. Grunnen var at hakepartiet hans var ikkje så ulikt haka til boksaren Otto von Porat (1903-1982). Denne karen hadde planar om å reisa til sjøs. Han skulle mønstra på i Bergen. På den tida var den vanlegaste reisemåten til Bergen å reisa om natta med båtruta som gjekk mellom Odda og Bergen. Soga vil ha det til at det hadde vore litt sjøgang på turen, og han Ola vart sjøsjuk. Komen til Bergen ombestemte han seg difor og returnerte til heimbygda utan nokon gong å verta sjømann. Den kollektive bygdehumoren døypte han til Ole sjømann for resten av livet. Han var ungkar og kjøpte brøda sine på det lokale handelslaget. Det vart fortalt at butikkjentene på handelslaget skreiv “Ole sjømann” på brødpakkane hans. Han bad om at dei brukte det rette namnet hans, og vonlegvis retta dei seg etter det. Kallenamnet vart han likevel aldri kvitt. Folk omtalte han som “Ole sjømann” eller som “Poraten”.

Desse to døma på kallenamn i eit bygdesamfunn er nok av det meir snille slaget, sjølv om den infame spiten er meir enn tydeleg nok. Andre gonger kunne kallenamna ta utgangspunkt i kroppslege lyte og liknande. Det var reinspikka mobbing, spør du meg. Vonlegvis er skikken med spitande kallenamn på retur, sjølv om eg ikkje er heilt sikker, i alle fall ikkje når eg les kva som kan serverast i kommentarfelt på sosiale medium. Medmenneskeleg respekt er vel ikkje alltid det som dominerer i samhandling og kontakt mellom menneske.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

6 − 3 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.