Stikkordarkiv: respekt

Kva tenkjer han, månen?

Kva tenkjer han, månen,
der han glytter ned på
planeten vår?
Han ser det kravlar rundt
skapningar som
gjer kva dei kan
for å surra det til
for kvarandre.

Kanskje tenkjer han
at dei har gjort tankeløysa
til ei livsform,
kvar og ein
har nok med sitt,
eigen navle
er midtpunktet.

Kanskje prisar han seg
lukkeleg
over at jordeskapningane
berre sjeldan
gjer forsøk på å
koma på besøk,
dei veit likevel ikkje
kva dei skal gjera der.

Kanskje tykkjer han litt synd
på jordeskapningane
fordi dei ikkje fattar
alt det gode
dei kunne ha utført
med alt som er
av ressursar.

Kanskje har han enno
ei von
om at nokon
tek til vitet,
gjer jorda til ein stad
å leva
der respekt og toleranse
styrer.

Det er nok berre
kanskje.

Godtruande

Ja, eg veit at
ein ikkje bør vera godtruande,
verda rundt meg fortel at
den brutale og kyniske
vinn fram,
styrer statar og
folk,
og med stor støtte,

å tru godt om andre
kan verka som ei sjølvpåførd
straff,
ein må vera veik og dum
når ein viser respekt og godhug
for andre,

likefullt, eg nektar å tru at
respekt, toleranse og
godhug for andre
skal vera eit tapsprosjekt
i framtida,

ja, eg vil framleis vera
godtruande,
om ikkje anna for å gje
barneborna noko
å leva for.