Augustmørker

Sommardagane søkjer livd i
mørke augustkveldar,
smyg seg ut av
sommarpynten,

med ein smil
rundt julimunnen
krøllar dei seg saman
i fosterstilling,

dei lèt augustmørkeret breia
ei haustdyne over seg,
vintersvevn ventar
der framme,

ein ørliten spire
bur seg til komande vårljos
og ny sommar for den som
augustmørkeret tek vare på.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

nineteen − one =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.