Rakkedeis

Av og til dukkar det opp ord i minnet som eg ikkje har brukt eller høyrt på år og dag. ‘Rakkedeis’ kom flytande utan at eg veit kvifor. Får eg tilbod om freudiansk psykoanalyse for å få svar, kjem eg til å takka høfleg nei. – Ordet finst hjå Halldor O. Opedal i «Hardingmålet» saman med eit synonym ‘lakkedeis’. Begge betyr ‘rangel’; «han kom pao rakkùdeis». «Hamna på fylla», ville me kanskje ha sagt i dag.

Skal ein tru språkkjeldene, kan det sjå ut som ordet fyrst og fremst er brukt i Hardanger og delar av Hordaland. I det store verket «Norsk Ordbok over det norske folkemålet» er berre forma ‘lakkedeis’ registrert med ei enkel tilvising til Hardanger. Rakkedeis er eit sjeldant døme på at eg ikkje finn eit ord i Norsk Ordbok. Kanskje har det noko å gjera med at ordbokredaksjonen mogelegvis manglar empirisk grunnlag for harding-rakkedeis?

Det mest interessante er at ordet er i aktiv bruk i språkområdet. Eit søk hjå Nasjonalbiblioteket viser at ordet har fått litt utvida tyding. I avisene Hardanger Folkeblad og Nordhordland er det reportasjar om skuleborn som går på rakkedeis i meininga ‘på sjølvstyr’. Ein annan reportasje frå Hardanger brukar rakkedeis om å gå frå post til post i ei kulturløype i ein landskapspark. I Bergens Tidende er det ei melding om at kattar som har vore på rakkedeis, skal få nye heimar. Og endeleg er det eit lokalt orkester som heiter «Rakkadeis». Vonlegvis ventar dei til etter speleoppdraget med å leva opp til namnet.

To spørsmål om rakkedeis går eg ikkje vidare med. Eg har for lite kunnskap til å seia noko om etymologi/opphav. Dessutan avstår eg frå å spekulera om kvifor Hardanger ser ut til å vera eit språkleg episenter for eit ord som kort og godt tyder ‘rangel’. Berre det å stilla spørsmålet, kan utløysa ein tsunami av konspiratoriske teoriar.

Etterskrift:
Mange kommenterte innlegget mitt om ‘rakkedeis’, og det er fint. Ikkje uventa fekk eg eit tips som viser til Bergen. Gunvor Blytt Kjosås gjorde meg merksam på at ordet finst i Bergens-ordboken, men der er ordet skrive ‘ragedis’. Utan tvil er det same ordet, med tilvisingar til bergensforfattarar frå 1860- og 1910-talet. Andre skrivemåtar er ‘rakedans’ og ‘raggedus’. Tydinga er «vanskelig eller ubehagelig situasjon, rangel, uorden, skjødesløshet». Vidare står det i ordboka at ordet finst i vestnorske og nordnorske dialektar.

Det Norske Akademis Ordbok har same tilvisingane som Bergensordboken til eldre bergensk. Begge ordbøkene viser til ei usikker kopling til frisisk ‘rake-defes’, som betyr ‘slumpetreff’. Og skal ein fyrst gå inn på ein spekulativ veg, kan det også nemnast at i dansk er det eit ord ‘rakkeri’ som kan bety «besværligt, ubehageligt rejseliv, flakkeri». Men der set eg strek. At dei eldste kjende døma kjem frå Bergen, er nok ikkje uventa når me møter uvanlege ord på Vestlandet.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.