Stikkordarkiv: sjølvstyr

Kvardags-sundag

Kvardags-sundagen er best,
den sundagen som berre er
sundag,
ikkje noko spesielt som
skal henda,
dagen formar seg sjølv,
går litt på sjølvstyr,
bryr seg lite om klokka,
smyg seg fram mellom
timane,
tek utevêret på alvor,
masar ikkje om
manglande utetid,
han berre er der som
eit lausleg tilbod på
24 timar,
eit tidsark som
du har full fridom
til å fylla med noko
som kan få måndagen til
å vakna
med smil om munnen.

Share