Uopna bok

På nattbordet låg ei uopna bok,
låg der som einaste gjenstand
på det trekvite, velbrukte nattbordet,
det hadde lege mange bøker på nattbordet,
handa hadde strekt seg mange seine kveldar
etter boka som alltid låg der
for å fylla tankar og sinn med eit parallelt liv;
brått, utan varsel tok det verkelege livet kommando,
handa strekte seg aldri meir,
att låg
ei uopna bok.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.