Der og då

Lange dagar
her og no
legg til rette for
å tenkja på alt som var
der og då;
då finn ein ut at
dei fleste dagane
høyrer til
der og då,
statistikken
har eit overtydande språk;
medan tankane kikkar inn
i romma der og då,
forstår ein at
utan alt som var
der og då,
ville det ikkje ha vore noko
her og no.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.