På vidåtta

Det er lett å koma på
vidåtta
med tankar og tastaturfingrar,
dei sprett i veg
i kross og krok,
veit aldri heilt kva som
ventar bak neste tanke
eller ord,
sjølvstyret rår,
som oftast endar det opp
i ingenting,
halvtenkte tankar og
uferdige ord,
slik formar eit tankeliv seg,
eit liv på
vidåtta.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.