To små, kvite kaffikoppar

Framanfor meg på toget
sit eit eldre par,
litt yngre enn meg,
lågmælt og dempa
samtale,
etter ei stund
pakkar kvinna fram
to små, kvite kaffikoppar,
slike som mor hadde
på 1960-talet,
frå den vesle varmeflaska
slår ho oppi kaffi
til dei båe,
frå ein matboks
byr ho fram kakestykke,
ei tagal kaffistund endar med
at kvinna reingjer kaffikoppane
med turkepapir,
koppane og matboksen kjem på plass
i ryggsekken att,
me andre har sett på
sjølvhjelp og samhald med
to små, kvite kaffikoppar.

 

Share