Stikkordarkiv: amerikautvandring

«… her er smaat med fortjeneste imod hvad det er i America…»

I brevsamlinga som eg har etter besten min, Jakob Jonson Velure, (1863-1943), kjem eg  nær innpå synspunkt og tankar, av og til draumar, som brevskrivarane formidlar til besten min. Jakob-besten var i Amerika i perioden 1882 til 1891. Då han reiste i 1882, var han i fylgje med ein eldre bror, David Jonson (1853-1930).  David hadde reist over fyrste gongen i 1875 og hadde tydelegvis vore ein tur heim før han i juli 1882 tok med seg den yngre broren, Jakob-besten min. David returnerte til Noreg nokre år seinare, og i juni 1887 gifte han seg med Guri Olsdotter Edna (1862-1949) og slo seg til på Lofthus som skreddar.

David skreiv eit brev til Jakob-besten 4. desember 1887, eit knapt halvår etter at han var gift. Jakob -besten budde då i Cresco, Iowa. Det er heilt tydeleg at David funderer på å reisa attende til Amerika. M.a. lurer han på kvar han skal slå seg ned, dersom han reiser attende. Han klagar over at han arbeider mykje, men tener lite som skreddar i Lofthus-bygda: «… her er smaat med fortjeneste imod hvad det er i America…», som han skriv. Han skriv òg at han forstår at Jakob stundom lengtar attende til Noreg, men trur ikkje Jakob vil trivast sidan det er so vanskeleg  med «fortjenesten», som David snakkar om fleire stader i brevet. Interessant er det han skriv om at sjølv om ein kan klara seg bra i Lofthus-bygda, er det vanskeleg å vera heilt tilfreds «naar man har været i America».

Det vart ikkje tur attende til Amerika for David. Han vart verande i Lofthus-bygda som skreddar til han døydde i 1930. Han og kona fekk seks born. David tok namnet Opedal, der huset hans var sett opp. Den lokale uttalen av namnet David var «Daoe», og etterkomarane hans vart kalla «daoes-folket» heilt opp til våre dagar.

I 1892 var Jakob-besten komen attende til Noreg. Ein kamerat av han, Ole Lofthus, skriv i eit brev frå februar 1892 at Jakob snart må koma attende til Cresco. Ole skriv det meste av brevet på engelsk, iblanda eit og anna norsk ord. Det er heilt tydeleg at Jakob-besten hadde tenkt seg attende til Amerika, fordi Ole også spør kva han har tenkt å gjera med verdipapira han har i ein lokal bank. Han har høyrt rykte om at Jakob vil slå seg ned i Chicago når han kjem attende, men tilrår sterkt at han må koma attende til Cresco. Der er det gode prisar på skreddararbeid, og dessutan er det mange jenter som ventar på å verta gifte. Ole kan elles fortelja at det var mykje fest og moro i jolehelga. Ungdomane har starta opp att  ei «Ungdoms Forening», der Ole er «president». I andre brev frå Ole går det fram at han nok var ein lystig fyr.

Jakob-besten reiste heller aldri attende til Amerika. Til liks med broren David livnærte Jakob seg som skreddar i Lofthus-bygda til han døydde i 1943. To brør, begge frå strandsitjarhuset i Holo på Velure. Begge vart skreddarar, og begge var fleire år i Amerika som ungdomar. Begge vart verande på Lofthus etter dei gifte seg og fekk familiar. Begge bar kanskje på ein draum om å reisa attende til det store og lokkande landet der dei truleg hadde opplevt gode tider. Røyndomen vart eit skreddarliv i Lofthus-bygda. Stundevis var det nok strevsamt, men sannsynlegvis ikkje meir enn det var for mange andre i Sørfjorden dei fyrste tiåra av 1900-talet. Sut og gleda har det med å dukka opp hjå dei fleste, utan omsyn til tidsperiode.

Share

Slekt-slump

Midt i all krampaktig planleggingsaktivitet med tilhøyrande risikoanalyse kan det vera nyttig å hugsa på at ein god del av dei viktige hendingane i livet er rein slump, i alle fall tilsynelatande. Har du nokon gong tenkt på korleis slumpen har herja når det gjeld utviklinga av slektene, også di eiga slekt? Eg tenkjer sjølvsagt ikkje på dei få slektene der nokon i tidlegare tider forsøkte seg med ei form for eigedoms- og rikdomsutviklande avl, med arrangerte ekteskap som eit verkemiddel. Nei, eg tenkjer på fleirtalet av slektene, der manglande risikoanalyse i avgjerande augneblinkar har vore normalen. Eg tenkjer med andre ord på slektene til folk flest. Her er eit døme frå mi eiga slekt på farssida.

Eg har i ein tidlegare tekst fortalt at besten min, Jakob Jonson Velure, var i USA frå 1882 til 1891. 19 år gamal reiste han den 28. juli 1882 frå Bergen med Inman Linie til USA. I papira etter han finst enno billetten som viser at han betalte 177 kroner og 70 øre for å koma seg over til USA. Billetten omfatta også togreise frå New York til Durand, Illinois. Han kom til New York 12. august 1882 med S/S «City of Montreal».

I passasjerlista står han oppførd som skreddar, og han livnærte seg som skreddar alle åra han var i USA. Det tyder på at han tok sikte på å verta verande i USA, for 1. november 1890 vitnar han framfor distriktsdomstolen for Howard County at han fråskriv seg truskapen til den svensk-norske kongen fordi han vil verta amerikansk innbyggjar. I 1892-93 kan det likevel tyda på at han har kome attende til Sørfjorden. Brev til han i dei åra er adresserte til Hardanger. Om han berre skulle ein tur heimom, eller om han kom for å slå seg til, veit me ikkje. I alle fall dukkar han opp i kyrkjebøkene 16. april 1895, då han gifter seg med Marta Olsdotter Espe. Eldste dottera, Johanna, vert fødd 2. august same året. Seinare kom det åtte born til; fire av syskenflokken døydde som born.

Kanskje er dette soga om amerikafararen som berre skulle heimom ein tur, men som møtte ei jente som han gifte seg med. Kanskje ville ikkje svigerfaren, bonden på Espe, at dottera skulle vera med attende til Amerika. I alle fall, hadde besten min vorte verande i USA, slik han tydelegvis tenkte å gjera, då hadde ikkje eg site her og fantasert om livet til ein bestefar som eg aldri fekk møta. Slik sett er det ein slump at heile slekta etter besten min vart slik me kjenner henne. Sameleis kan det seiast om fleirtalet av menneskelagnader. Noko avgjerande hender – å få barn saman må seiast å vera avgjerande i så måte – og me ser slekters gang, på godt og vondt. Hadde besten min slått seg ned i Amerika, slik to brør og ei syster gjorde, hadde livet hans vorte heilt annleis. I 1943 døydde Jakob-besten, 80 år gamal. Om han nokon gong tenkte på livet sitt som ei slumpelukka, slik Per Sivle skriv om, er heller tvilsamt. Livet vart stundevis hardt for han og besto mi. Men som etterkomar vil eg likevel tolka det som hende i åra 1893-1895, som ei lita slumpelukke. Og sannsynlegvis var det rein slump  at besten min kom heimatt då han gjorde det.

Share