Stikkordarkiv: funksjonshemma

Dei utskilde

So er me der på ny, attende til systemtenking og menneskesyn slik me opplevde det på 1950- og 1960-talet. Dei som er annleis og som treng hjelp i livet, høyrer eigenleg ikkje til i normalsamfunnet. I skule og arbeidsliv ser me klåre tendensar til at dei som er annleis, funksjonshemma eller utviklingshemma, skal skiljast ut frå samfunnet. Dei bør haldast for seg sjølve. Den enklaste måten å gjera det på er å samla dei i eigne grupper. I skulen vert nærskuleprinsippet erstatta med nye spesialskular eller spesialklassar. Det er viktig at dei får vera saman med likesinna, heiter det. Då slepp dei nederlaga som vil koma dersom dei skal vera med dei sokalla “funksjonsfriske”, er ein annan påstand. Sanninga er vel at sterke lærarkrefter og kommunale administrasjonar tykkjer at det er for mykje bry og ekstra utgifter med å la utviklingshemma elevar vera i lag med jamaldringar. Kronargumentet er alltid at ved å samla lærarkrefter og hjelpesystem i ein spesialskule, får dei “robuste” fagmiljø som kan hjelpa elevane på ein betre måte. Då er det ikkje so viktig at elevane frå tidleg barndom lærer at dei ikkje høyrer til i storsamfunnet. Dei høyrer til der ute, utanfor samfunnet. Og medelevar lærer at dei andre, dei som er annleis, dei høyrer til der ute, utanfor den fellesskapen som dei som ikkje er funksjonshemma, skal byggja for seg og sine.

I bustadsamanheng ser me den same utviklinga. Stendig fleire kommunar vil byggja mini-institusjonar, der utviklingshemma og hjelpetrengjande skal samlast i eigne meir eller mindre avlukka samfunn. På ny er det argumentet om sterke fagfellesskap som vert hovudgrunngjevinga. Når mikrofonar er avslåtte og journalistane er langt unna, snakkar både politikarar og administrasjon om at det kostar for mykje å inkludera dei som er annleis, i det sokalla vanlege samfunnet. Inkludering og integrering går ut over alle dei godene som “normalsamfunnet” gjerne vil løyva til seg sjølv.

Det er sjølvsagt råd å finna forteljingar om hjelpeapparat som lukkast brukbart både med inkludering og integrering. Det er likevel ein aukande tendes til at dei utskiljande tankane, dei som somme gonger er direkte diskriminerande, vinn meir og meir gehør hjå dei som styrer. Difor saknar eg ein Arne Skouen som i si tid sette ljoskastarane på det grunnleggjande kyniske i det menneskesynet som so lett vil skilja ut alle som ikkje heilt passar inn. Eg saknar dei stortingspolitikarane som på 1980- og 1990-talet forstod og tok inn over seg at også dei som er litt annleis enn fleirtalet, har eit menneskeverd. Eg saknar fleire omsorgsbyråkratar som forstår at dei som treng litt ekstra hjelp, fortener å verta møtte som einskildindivid med ulike føresetnader og ulike behov. Aller helst burde dei som er litt annleis, i størst mogeleg monn vera ein del av oss andre. Dei burde inkluderast og integrerast i det store “oss”.

Det vil sjølvsagt ofte vera grenser for kva som er mogeleg å oppnå, men det er alltid einskildindividet som skal vurderast, ikkje kva gruppe den einskilde kan puttast i. I dag ser det ut til at det viktigaste er å kartleggja alle avgrensingane hjå dei personane det gjeld, for på den måten å kunna finna rett bås der dei kan plasserast, helst for alltid. Potensialet for å verta ein del av “normalsamfunnet” er det lett å oversjå. Dette er ei form for omsorgsapartheid som gjer meg stundom skuggeredd. Endring er på ingen måte alltid det same som framgang.

Share

Kommunal sparsemd

Det kan vera ei dygd å vera sparsam, å hushalda med ressursane. Me som vaks opp på 1940- og 1950-talet, fekk høyra dette tidt og ofte. No var det eigenlg ikkje nødvendig å minna oss ungane på det; realitetane gav oss ikkje andre alternativ enn å vera sparsame. Sannsynlegvis vart me ikkje dårlegare personar av det, sjølv om me aldri får testa andre oppvekstalternativ, heldigvis.
 
Kommunane strevar også med å vera sparsame. Lillehammer er ikkje noko unntak. I år har sparedansen kome tidleg på året. Forbruk og prognose indikerer at det kan gå ille på slutten av året. Noko må gjerast, spesielt sidan målet er eit lite overskot når året er omme, slik det sømer seg ein kommune som tek mål av seg å vera medarrangør for eit mogeleg vinter-OL i 2022, saman med Oslo. Reknearka er i livleg bruk i kommunen, dei raude tala skal bort. Hektiske byråkratar strevar med finurlege formuleringar, rettnok ikkje alltid like forståelege, men dei skal overtyda poltikarane om at dette og hint må reduserast for å få orden på økonomien.
 
Nokon har fått det for seg at dei gruppene som treng mest omfattande hjelp, har det for godt. Der kan det sparast. Årsverk skal bort, hjelpande hender skal verta færre, tiltak skal endrast. Eit konsulentfirma har funne ut at kommunen bør levera hjelpetenester “lavere i omsorgstrappen”. Omskrive til klårtekst: folk som treng hjelp, får tenestene for tidleg og/eller med for høg kvalitet. Slik kan me ikkje ha det i ein kommune som Lillehammer. Rettnok heiter det i diverse kommunale dokument at ein ynskjer nøgde innbyggjarar i kommunen, men det får no vera måte på! Og dessutan, konklusjonar som ein betaler eksterne konsulentar for, er sjølvsagd ei høgare form for sanning.
 
Ein del tanketroll med tilhøyrande haldningar ser ut til å sitja djupt rotfesta i kommunale administrasjonar og hjå ein del politikarar. Nokon må gå rundt og tru at dei ordningane me som storsamfunn har fått på plass for å hjelpa sårbare einskildindivid, eigenleg er for mykje av det gode. Det er påfallande kor ofte mottakarar av kommunale hjelpetenester vert stempla som dei som øydelegg kommuneøkonomien. Det vert ikkje sagt så direkte som eg gjer her. Likevel, kvar gong forslag om å kutta tenester og hjelpande hender dukkar opp, sender dei krystallklåre meldingar til alle dei som er avhengige av kommunal hjelp for å kunna ha eit anstendig liv: Eigenleg er dei ei økonomisk bør for kommunen og for resten av fellesskapet. Eg høyrer allereie protestane: det er ikkje slik meint, og dei har heller aldri sagt noko slikt. Det er nok sant på si vis. Det er likevel slik at somme gonger ropar all den usagde bodskapen med tornadorøyst mot dei som vert råka. Finurlege formuleringar kan ikkje dempa og endra det.
 
Sjølvsagt kan Lillehammer kommune og alle andre kommunar  arbeida meir effektivt og smartare i måten dei utfører tenestene sine på. Ingen tvilar på det. Men slike øvingar skal gjerast meir eller mindre kontinuerleg, spesielt når tidene er gode. No ser det vanlegaste handlingsmønsteret ut til å vera at endring og fleksibilitet skal framtvingast i meir eller mindre akutte situasjonar, der hastverk ser ut til å vera den herskande strategien. Resultata ser me gong på gong; spareeffekten viser seg å verta mindre enn tenkt, eller i verste fall fullstendig illusorisk, fordi det hender noko som ein i farten ikkje hadde tenkt på.
 
Sparsemd er absolutt ei dygd på dei fleste område i livet. Men sparsemd må planleggjast, ikkje takast fram som ein panikkreaksjon når noko er i ferd med å gå gale. Sparsemd må liggja som eit avgjerande fundament for rasjonelle og føreseielege handlingar. Lett å skriva, ikkje fullt så enkelt å leva etter. Likevel, både i Lillehammer kommune og i andre kommunar burde det vera så mykje opparbeidd erfaring og kompetanse at me som innbyggjarar kan venta at sparsemd er eit grunnleggjande planleggingsprinsipp, ikkje berre overskrifta på meir eller mindre panikkarta handlingar. 

Denne gongen gjekk ikkje dei verste kuttforslaga i gjennom hjå politikarane, men dei kjem nok fram att, ver du sikker.
Share