Det skal ikkje meir til,
ei varleg hand
som stryk over kinnet,
den stillfarande, lette kontakten
mellom to menneske
fortel meir livsvisdom
enn mange murstein-romanar.
Stikkordarkiv: kinnet
Det er lov å ha tunn hud
Legg igjen en kommentar
Det er lov å ha tunn hud
over sorga
som slo inn i kvardagen
for lenge sidan.
Det er lov å finna glede
i alle dei augneblinkane
som legg ljose fargar
inn i sorga.
Det er lov å prisa alle
stunder
der livet utfaldar seg
på trass.
Det er godt å stryka over kinnet
på eit annleisliv
der gleda vermer
alle som kjem nær.