Stikkordarkiv: haust

Ukjent

Eg er ikkje ukjend
med benken der eg sit,
heller ikkje ukjend
med tid og stad,
vêrlaget tykkjest òg
vera kjent,
det same gjeld
landskap og lydar.

Likefullt er det
neste sekundet ukjent,
kan innehalda alt
eg ikkje visste fanst,
som kan snu opp ned
på alt det kjende,
kasta meg ut i eit
ukjent univers
der eg ikkje eingong
merkar kva som er
kjent og ukjent.

So sit eg her då,
prisar alt som er kjent,
kjenner ro siga inn
når eg ser eit fivreld
flyga rundt på blomar
som vitnar om
at hausten nærmar seg.

Share

Bjørka var grøn i går

Bjørka var grøn i går,
det er eg sikker på;
i dag vinka nokre gul-brune bjørkelauv
til meg,
det er eg like sikker på;
i nær framtid vil bjørka vera heilt
lauvtom og sevja
går i dvale,
det veit eg;
bjørka vil
enno ein gong
kunna gleda augo med
sprettande lauvpynt,
det vonar eg;
voner er det beste framtida
kan bjoda.

Share