Stikkordarkiv: minne

Å ikkje kjenna seg att

Det går nesten ikkje ein dag utan at eg les om nokon som ikkje kjenner seg att. Fyrste gongen eg såg det, skvatt eg litt. Eg kom til å tenkja på den gongen eg skulle vera med far i fjellet og sjå etter sauene. Eg var vel i åtteårsalderen. Me skulle gå på kvar vår side av ein haug for å sjå etter sauene. Me skulle møtast på andre sida av haugen, og eg hadde vore der fleire gonger tidlegare. Far hadde so vidt svunne or synet då eg fekk full panikk; eg kjende meg ikkje att på nokon måte og sette i å gaula på far. Etter ei stund kom han i fullt tan; han trudde eg hadde ramla og slått meg stygt slik som eg belja. Gråtande måtte eg fortelja at eg ikkje visste kvar eg var, eller kvar eg skulle gå. Difor vart eg so redd.

Eg kom også til å tenkja på han som dagen etter jonsokfeiringa vakna i ein silo med berre éin sko. Han kjende seg heller ikkje att, men kom seg no omsider heim med litt hjelp. To veker seinare fekk han den andre skoen, i postoppkrav. Han kjende att skoen og ante kven som var avsendar.

Nei, desse som ikkje kjenner seg att, er korkje i ukjent terreng eller i ukjende siloar. Dei kjenner seg ikkje att i måten dei er framstilte på i pressa eller i ein eller annan konflikt. Dei kan på ingen måte forstå at dei har oppført seg slik eller sagt det som andre hevdar. Ein kunne kanskje tru at det var like greitt å seia at dei ikkje hugsar. Gløymska er som kjent ein av dei viktigaste overlevingsmekanismane me menneske rår over. Etter som åra går, vert gløymeboka ei stendig viktigare bok. Men nei då, desse folka eg skriv om, hugsar alltid sopass at dei med alvorleg mine og tilkjempa ro kan seia at dei  kjenner seg ikkje att.

For all del, somme gonger er det sikkert grunnlag for ikkje å kjenna seg att i det som vert sagt om ein. Det er mange nok misminnande og diktande kverulantar der ute som prøver å omskapa verda i sitt bilete. Fantasifulle kverulantar kan likevel ikkje vera allmenn forklaring på at so mange ikkje kjenner seg att i det som vert sagt eller skrive om dei.

Det er alltid når påstandane er negative, at folk ikkje kjenner seg att. Enno har eg til gode å lesa eller høyra nokon seia at dei ikkje kjenner seg att når dei har fått rosande omtale. Det undrar meg litt, fordi eg kjenner til fleire tilfelle, der folk har fått ros sjølv om det ikkje heilt var grunnlag for det. Slike gonger er det aldri nokon som med alvorleg mine står fram og seier at dei ikkje kjenner seg att. Tvert imot:  minnet er tydelegvis krystallklårt og fullt synkronisert med sjølvforståinga.

Det er vel kort og godt slik at me likar betre å suga på ein ros-karamell enn å svelgja salte kritikk-dropar. Evna vår til å velja ut kva me hugsar eller kjenner oss att i, høyrer vel til dei eigenskapane som gjev dei fleste av oss eit visst menneskeleg preg. Dei er i alle fall lette å kjenna att; for ikkje å seia: kjenna seg att i.

Share

Gløymeboka

Bøker er ei stempla god oppfinning. Stundom kan dei ta makta over deg og driva deg inn i landskap og førestillingar som du knapt ante eksisterte. I barne- og ungdomsåra var det mang ei arbeidsøkt med eplehenting eller lekser som kom seinare i gang enn planlagt, fordi eg måtte avslutta eit kapittel før eg var arbeidsfør. Også i vaksen alder har det nok hendt at eg har late arbeidsoppgåver venta fordi eit kapittel måtte berre lesast ferdig.

Gløymeboka vert stendig meir aktuell, merkar eg. Ho får nye kapittel i eino, eller er det heller slik at kapitla forsvinn? Forvitneleg med den gløymska. Ho er eigenleg eit gode, ei form for overlevingsmekansime. Skulle me ha hugsa alt me har opplevt gjennom eit liv, ville det ikkje ha vore til å halda ut. Kunsten er å gløyma det som trengst. Om dét er det mange ulike meiningar. Dessutan er me nok utstyrte med ulike evner til å gløyma. Mi evne er høgt utvikla, skal eg tru dei som er rundt meg. Og sidan eg ikkje kan hugsa kva eg ikkje skulle ha gløymt, får dei rundt meg alltid rett. 

Eg får rett som det er påminning om kapittel i gløymeboka som eg ikkje visste fanst. Det positive med dette er at eg stendig oppdagar hendingar og ting på nytt. Eit bilete, eit dokument eller ein person, som det er mange år sidan eg har møtt, kan utløysa bylgjer av minnebrokkar og får meg til å verta opp i under over alt eg har fått vera med på.
 
Likevel finn eg ikkje ut om gløymeboka veks eller vert mindre. Dersom gløymeboka er fylt med slikt du ikkje hugsar lenger, korleis kan ein seia at ho vert stendig større, når det som finst der, eigenleg ikkje finst lenger? Nokon kvar kan verta litt småør av slike tankar. Det er berre éin måte å løysa slike dilemma på: ein må berre bestemma seg. Som utprega tvilar er eg uansett temmeleg sikker på at det er tvilsamt om eg bestemmer meg for det rette.
 
Førebels har eg bestemt meg for å tenkja på gløymeboka som ei latent minnebok. Så lenge det stendig dukkar opp noko som stimulerer vage minne og gjer dei til aha-opplevingar, ser eg på gløymeboka som ein positiv fylgjesvein. Den dagen gløymeboka lever heilt og fullt opp til namnet sitt, nærmar det seg vel ein diagnostisk tilstand. Og då trur eg nok at kapitla er tome for innhald. Det vil seia: innhaldet er der nok, men lykjelen til kapittellåset har kome på avvegar. Livet er jammen mangfaldig, så vidt eg kan forstå og kanskje hugsa.
Share