Stikkordarkiv: mørker

Mørker i mai

Mørker om hausten
har eg stor sans for,
å krypa inn i
haustmørker kan vera
feststunder,
men mørker i mai
har eg aldri forstått meg på,
me treng ikkje mørke
maikveldar som legg lok
på det frambrytande ljoset
som skal tina opp
småfrosne kroppar,
som skal få sevja til å stiga
både i planter og folk,
mørker i mai er eit
dårleg påfunn.
Skulle nesten tru at
byråkratar med gråfargekompetanse
har vore innblanda.

Share

Solsnudagen

Trivst i skumringsstunda
på solsnudagen,
når eit gråkvitt dagsljos
svinn inn i mørkeret,
konturane rundt oss
vert viska ut,
og ein sjølv kverv inn
i det ukjende.

I kveld snur sola,
me kan gle oss over
at om fire dagar
har dagen vorte
ein minutt lenger.
Ein skal ikkje forhasta seg
for å nå fram til
meir ljos og varme.

Share