Somme av oss
er haustmenneske,
me trivst
når dagane skumtar
seg inn i mørke
kveldar,
hausten pakkar inn
dei ljose sommardagane,
mørkeret rammar inn
ljoset,
aldri er vel ljoset
klårare enn når
det strålar ut av
og mot
mørkeret.
Stikkordarkiv: haustmørker
Mørker i mai
Legg igjen en kommentar
Mørker om hausten
har eg stor sans for,
å krypa inn i
haustmørker kan vera
feststunder,
men mørker i mai
har eg aldri forstått meg på,
me treng ikkje mørke
maikveldar som legg lok
på det frambrytande ljoset
som skal tina opp
småfrosne kroppar,
som skal få sevja til å stiga
både i planter og folk,
mørker i mai er eit
dårleg påfunn.
Skulle nesten tru at
byråkratar med gråfargekompetanse
har vore innblanda.