Stikkordarkiv: Nynorsk antikvariat

Bokhyller

Bokhyller har éi oppgåve her i livet: å la seg fylla med bøker, publikasjonar, dokument, CD-ar, DVD-ar, ja, dei fleste fysiske former som kan romma tekst eller lydfestingar. Bokhyllelivet er å ta vare på mykje av det som kan gjera livet meir kunnskapsfylt og glederikt for oss menneske. Når ei bokhylle er full, er det eit naturleg planleggingsprosjekt å finna rom til nye bokhyller, slik at ny kunnskap og ny glede kan fylla heimen.

Slik burde det vera – alltid. Men slik er det sjeldan. No har eg i tillegg kome til ein vanskeleg fase – eg er freista til å bruka eit godt, svensk ord for å fargeleggja situasjonen – eg har kome til ein «fasansfull» fase. Eg skal forlata eit gamalt og romsleg hus, der eg har kunna supplera med nye bokhyller etter kvart som hyllene fyltest opp. Slik vert ikkje framtida. No er den «fasansfulle» utfordringa å tøma bokhyller, og eg vil ikkje ha plass til like mange bøker i det nye husværet mitt. No må eg redusera talet sterkt. Med andre ord: eg må bryta ein gledefylt, innarbeidd vane med å auka bokmengda og dermed talet på hyllemeter. For å seia det direkte og brutalt: eg må finna ut kva bøker eg skal ha med meg, og kva eg skal kvitta meg med.

Uhorvelege problem står i kø. Skal eg framleis ha med meg tiårsvis med årgangar av norske og utanlandske fagtidsskrift, publikasjonsseriar, Syn og Segn, Spelemannsbladet/Folkemusikk, osv, osv? Namnelista er uendeleg. Berre å skriva desse orda får boktraume til å stråla gjennom pensjonistkroppen. Kva skal eg prioritera, faglitteratur eller skjønnlitteratur? Kanskje kan eg la skjønnlitteraturen fara, fordi den kan eg låna på biblioteket, når eg kjenner for det. Det er verre med faglitteraturen, i alle fall den eg nesten er åleine om å ha her i landet.

Slik kvernar tankane i hovudet mitt, seint og tidleg. Det er lettare med ting, klede og sko. Anten har du bruk for dei, eller so har du det ikkje. Då handlar du deretter. Det er mykje verre med bøker. Det er knapt ei bok eg ikkje kan koma til å få bruk for ein eller annan gong i ei nær eller fjern framtid. Slik tenkjer eg, sjølv om lang erfaring prøver å fortelja meg at 80 prosent av dei bøkene eg har, har eg aldri sett i dei siste 10 åra. Men då skundar eg meg å minna meg på dei (få) gongane eg har har hatt bruk for ei obskur bok, som eg fann etter lang og grundig leiting.

Slik tvilar eg meg fram, på den vanlege måten min. Eg finn ut at nokre diktbøker eg ha med meg. Dei er heldigvis ikkje alltid so romfreke. Ein og annan romanen må òg få lov å fylgja med. Med ei blanding av magekjensle og illusorisk fornuft saumfèr eg nesten kvar bok og sorterer  i to kategoriar: éin for framleis liv i lag med meg og éin for ei framtid i lag med andre. Eg vert nok nøydd å ringja Arne-Ivar Kjerland og Nynorsk Antikvariat. Han har mange bokhyller.

Gravityscan Badge

Share

Boklukt

Det var reine feststunder dei sundagsettermiddagane då eg som gutunge, åleine eller saman med far, sykla til Borgstova ved Ullensvang-kyrkja for låna bøker i folkeboksamlinga. Læraren vår, Helge O. Opedal (Helge klokkar), var styrar for folkeboksamling og gav rettleiing til unge og gamle lånarar. Eg minnest den overveldande kjensla av mange bøker dei fyrste gongane eg steig inn i det som opplevdest som eit boktempel. Bøker frå golv til tak i eit rom som nok ikkje var so stort; det berre kjendest slik. Bokmengda verka overveldande på ein unggut. Tenk kor mange lesarar som hadde vorte eller kunne verta fjetra av alle desse bøkene! Den sterkaste sansinga knytte seg likevel til lukta av bøker, denne blandingslukta av støv, papir, trykksverte, bokbind og eg veit ikkje kva. I alle fall lukta det bøker. Det var ei lukt som gav von om å kunna finna nye, spennande univers, der eg kunne skapa mine eigne samfunn, leva meg inn i ukjende personar og forsvinna nokre stunder frå dei kvardagsdetaljane som elles bestemte korleis røyndomen var.

Dei fleste bøkene hadde same typen bibliotekinnbinding; berre fargane på binda var ulike. Ikkje ytre visuelt fjas som kunne favorisera ei bok framom andre. Me måtte opna kvar bok og bla for å finna ut kva bok det var, og om ho såg interessant og spennande ut. Enno kan eg  gjenskapa opplevinga av å leggja bøker med knudrete granitolinnbinding i handa, kunna bla, kjenna lukta av bok siva inn frå blad som mange andre hadde saumfare. Stundom stod lånekortet att i boka med opplysningar om kven som hadde lånt boka før meg.

Luktopplevinga frå den vesle folkeboksamlinga i Borgstova ved kyrkja i Ullensvang har sett varige spor i meg. Kvar gong eg kjem inn i ein bokhandel eller eit antikvariat med mengder av bøker, får eg den same sitrande kjensla av å gå inn i ei verd med uante sjansar. Det er ei kjensle av kanskje å kunna oppdaga noko nytt, ukjent, men likevel relevant og viktig. Og alltid er det luktopplevinga som set i sving dei mange positive minna frå den tida eg for fyrste gong sansa og tok inn over meg verdien av bøker. Den seinaste gongen bokluktopplevinga tok meg, var då eg for nokre veker sidan besøkte Nynorsk antikvariat i Tvedestrand. Du og du so mange interessante bøker og so sterk boklukt!

E-bøker luktar ikkje, dei er fullstendig sterile på alle måtar. Det er eit lyte. La gå at innhaldet og informasjonsverdien er den same i e-boka, og at mykje er lettvint. Men i våre dagar, der det i tide og utide er snakk om «totalvurdering», «totaloppleving» og anna totalitær «fokusering», er den luktfrie e-boka i beste fall å sjå på som ein informasjonsekvivalent til den skikkelege boka. Meir er det ikkje å seia om den saka.

Share