Stikkordarkiv: ordskrøyv

Snikk-snakk

So skulle tekst nr. 501
vera om det som mange av oss
omgjev seg med
kvar dag:
snikk-snakk,
ordskrøyv som fyller luftrommet mellom
oss med inkjeseiande og
velformulerte ord,
dei smyg inn i øyregangane,
fyller synsfeltet,
før snikk-snakket hamnar
der det høyrer heime:
på bosberget for
tomprat,
på ei lita glenne
langt inne i skogen
sit ei vis kvinne,
ho smir ord,
ikkje i store mengder,
det held med nokre få
når sanningar skal
seiast.

 

Share

Kunsten å sletta

Kvar gong eg krotar noko på
skjermen,
er aldri sletteknappen langt unna;
altfor sjeldan
vil nok mange seia,
og eg er heilt samd.
Det er ein kunst å innsjå
at det meste som ein auser or seg
i skrift,
gjer seg best
i sletta tilstand.

Det er so freistande
å krota i veg
i von om at ei hende gong
skal bokstavane på skjermen
søkja saman på ein måte
som gjev ekstra meining.
Sjeldnare og sjeldnare
skjer nett det,
det meste er berre ordskrøyv.

Likefullt er det so vanskeleg
å læra seg kunsten å sletta,
å læra seg å forstå at
denne sida hadde gjort seg
best
dersom ho var tom for ord.

Share