Stikkordarkiv: Øystese

Sokkadans

I dei fem åra eg gjekk på statsrealskulen og gymnaset i Øystese 1961-1966, konsentrerte eg meg nok fyrst og fremst om skuleoppgåvene. Me var mange som prioriterte jamt og systematisk arbeid i skulekvardagen på veg mot ei vidare utdanning. Det var likevel mange pustehol, der me elevane berre var ungdomar. Filmar i ungdomshuset Holmatun fekk me med oss både tidt og ofte. Laurdagane var me som oftast på dans i eit eller anna ungdomshus. Sjølv dreiv eg mykje med dansespeling  med helgane. Det gav ekstra lommepengar til eit elev-liv.

Eit avbrot i alt leksearbeidet var leikkveldane i gymnastikksalen på gymnaset. Eg trur det var om tysdagskveldane, men det kan godt henda at eg misminnest. To av lærarane, Nils Årekol og Alf Mokleiv, stilte opp og skulle læra alle som var interesserte, folkeviseleik, turdansar og vanleg runddans. Somme av oss hadde vore på leikkurs tidlegare; for andre var det nytt og ukjent.

Me måtte dansa på sokkaleisten. Golvet i gymnastikksalen skulle ikkje skitnast til etter skuletid. Me måtte difor ta av oss skorne i rommet der stollageret var. Det var nok ikkje berre nyvaska sokkar som kom fram or skorne når me gjekk inn på dansegolvet. Folk med god luktesans kunne nok få testa lukte-evnene sine rett som det var. Somme hadde også glatte ullabbar, og dei kunne få seg overraskingar i rundsnuane.

Programmet var todelt på eit vis. Fyrst var det ei økt med folkeviseleik. Når gutane skulle finna seg ein dansepartnar, kunne ein sjå korleis dei skjena over golvet for å koma fort fram til den ein ville dansa med. Stundom lukkast dei, men dei fleste måtte nok læra at for kvar dans med fyrsteprioriteten måtte det dansast mange andre dansar også. Og dei mest smålåtne måtte vera nøgde om dei i det heile fekk ein dansepartnar.

Folkeviseleiken var den minst spennande delen av kvelden, tykte eg. Å dansa i ring og syngja samstundes som ein skulle utføra dansesteg, var greitt nok. Men eg likte mykje meir når eg dansa med jenta åleine, anten i vanleg runddans eller bygdedans. Då kunne ein ta i bruk heile rørslerepertoaret i lag med ein god dansepartnar, om ein var heldig.

Kvelden vart avslutta med runddans, der spelemannen Olav Lutro var i aksjon. Han var fødd og oppvaksen på Lutro i Sørfjorden. I danseøkta fekk eg eit lite dilemma: eg ville gjerne dansa, men samstundes ville eg gjerne kompa på piano til spelemannen. Litt avhengig av kven av jentene som hadde møtt opp, løyste eg det ved å vera på golvet under siste dansen. Var eg litt “snjaop” av meg, kunne eg få dansa med den eg ville.

Oppslutnaden om leikkveldane var nok varierande. Men dei åra eg gjekk i Øystese, vart det etter kvart ei stor gruppe ungdomar som likte å dansa. Me vart ein del av den sokalla Hardangerringen som Hardanger ungdomslag hadde ansvar for. Me bestemte oss for å reisa til utlandet med eit danseprogram. Eg hugsar at me våren og sommaren 1964 reiste rundt i Hardanger med eit program for å tena inn litt ekstra pengar til turen. Tidleg på hausten same året reiste me, ei gruppe ungdomar i alderen 16 til 22 år, med charterfly frå Bergen til Amsterdam. Der venta ein buss som frakta oss til vin- og folkemusikkfestivalen i Dijon i Frankrike og til ein folkedansfestival i Mons i Belgia. Me organiserte alt saman sjølve og fekk fri frå skulen. I ettertid er eg litt imponert over at me handterte alt som skulle ordnast. Der og då var det heilt naturleg og sjølvsagt.

Denne danseturen til utlandet kan reknast som ei av mange gode avkastningar av sokkadansøvingane på tysdagskveldane. Somme av oss møtte til og med seinare ektemakar på sokkadansen. Ein skal aldri undervurdera samfunnsnytten av sokkadans.

Share

Den fyrste dagen

Me har alle minne om det eg kallar fyrste-dagar, den fyrste skuledagen, den fyrste dagen i ny utdanning eller i arbeidslivet. Det er noko ekstra med slike dagar som markerer at me startar på ein ny fase i livet. Kvart år i august går det mange tusen born og ventar på den fyrste skuledagen; litt spente, litt forventningsfulle og opne som svampar for alt det som alle rundt dei kan fortelja om den fyrste skuledagen. Sjølv var eg svært spent før den fyrste skuledagen. Eg hugsar best at eg var den einaste i klassen på 16 elevar som hadde fylgje av far. Alle dei andre hadde mødrene med seg, slik det sømde seg i eit lokalsamfunn der fedrene var på arbeid, og kvinnene arbeidde utan løn på heimebanen. Det var nok mest praktisk at far fylgde meg. Mor måtte sjå til to mindre systrer, og far skulle på kontoret, ikkje so langt frå skulestova. Prestafruo, Sigrid Bergo, tok godt i mot oss. Ho var det trygge lærarfylgjet vårt i fire år og sytte for at me lærte å lesa, skriva og rekna.

Ein annan litt rar fyrste-dag var immatrikuleringa på Universitetet i Bergen ein av dei siste augustdagane i 1966. Me hadde fått høgtidlege brev på førehand med  nummererte billettar som viste kva sete me skulle sitja på i Konsertpaleet, storstova i Bergen på den tida. Fleirtalet av oss gutane spjåka oss ut med myrk dress og studenthuve. Jentene stilte i bunad. Overlevering av det akademiske borgarbrevet var ein høgtidleg seanse. Rektor og dekanar sat pynta på podiet og ropte opp dei ny studentane, ein etter ein. Då turen kom til meg, gjekk det ei stund før eg reagerte. Gjennom høgtalaren høyrde eg dekanus for det medisinske fakultetet lesa opp “Jakob Magne Aasen Velyyyr”, med ein uventa og overdriven fransk uttale av etternamnet mitt. For det fyrste var eg ikkje vane med at nokon brukte alle namna mine, og det var absolutt fyrste gongen at etternamnet mitt fekk ein fransk vri. Eg sansa meg, kom meg fram på podiet og fekk borgarbervet som var starten på seks fine år i Bergen. Etterpå gjekk ein del av oss frå gymnasklassen i Øystese på Kaffistova og kjøpte oss middag på kupongheftet for middagsservering. Det var siste gongen eg brukte studenthuva.

So hugsar eg godt fyrste arbeidsdagen i juli 1985 som leiar for De Sandvigske Samlinger, Maihaugen, som det heitte på den tida. Arbeidsutvalet i styret troppa opp på det nyoppussa kontoret og ynskte meg velkomen. Lokalavisa Dganingen hadde ein kritisk leiarartikkel om korleis Maihaugen gjennom mange år ikkje hadde makta å få på plass ein skikkeleg husmannsplass i samlingane sine. Dei gamle husa representerte i all hovudsak storgardsmiljø. Etter at eg hadde helsa på dei tilsette, tok ansvarleg for bygningssamlinga, fyrstekonservator Leif Løchen, meg rundt på uteområdet. Naturleg nok drøfta me spørsmålet om korleis museet skulle kunna få på plass ein husmannsplass. Han viste kva plasseringar som hadde vore drøfta tidlegare. I ein liten skogskrull nett ovanfor det storarta tunet Øygarden stoppa eg og spurte om det området hadde vore vurdert. Me gjekk litt fram og attende i området og kom fram til at kanskje kunne dette vera ein høveleg stad. Etter at fleire av fagfolka hadde vurdert området, kom me til at her ville det passa med ein liten husmannsplass. To år seinare, i jubileumsåret 1987, vart husmannsplassen Stykkebakken opna. Dette var ein av dei gongene eg har opplevt føremonnen med å koma heilt ny inn i ei problemstilling. Utan bindingar kan ein våga å stilla dei dumme og enkle spørsmåla. Stundom kan det vera eit gode.

Fyrste-dagar er uløyseleg knytte saman med siste-dagar, t.d.den siste skuledagen, den siste arbeidsdagen og avslutning av personlege relasjonar. Til saman formar me liva våre som eit mønster av store og små fasar som alle har sine fyrste-dagar og siste-dagar. Saman utgjer desse dagane merkesteinar i den personleg historia me alle skaper oss i eit forsøk på å finna vår plass i den store samanhengen. Av og til kan det vera greitt å vera innom livets fyrste-dagar og siste-dagar.

Share