Stikkordarkiv: samfunn

Imot-livet

Endeleg byrjar det å demra for ein aldrande fjorda-kar. For å koma meg vidare her i livet må eg finna noko å vera imot. Det hjelper ikkje med berre ei sak; det må vera mange. Det nylege valresultatet styrkjer meg i trua på at dei som finn seg noko i samfunnet som dei er sterke motstandarar av, dei vert lagde merke til og kan gjera det godt både i politikk og elles i samfunnet. Då står dei som lysande pålar og viser veg i motstandslandskapet.

Eg bør vera mot ulv, mot kommunereform, ja, i grunnen alle former for reform eller endring. Endring er ein uting i seg sjølv, spesielt dersom me luktar at endringa kan føra til at andre får det like godt som me sjølve har det. Då er det betre at ingenting skjer.

Eg bør vera mot skattar og avgifter, bompengar, for ikkje å snakka om innvandrarar. Kanskje bør eg vera imot skattelette òg, i det minste for å skapa indre balanse. Kan eg kombinera det med å vera mot EU, EØS og Europarådets konvensjonar, sikrar eg meg mange nye vener for livet. Det gjeld å vera seg sjølv nok; det gjer alle andre, og på den måten kan me halda kvarandre i sjakk, på ein måte. Det viktige er likevel at dei som ikkje er imot det same som meg, dei må tapa. Då vert samfunnet oversiktleg og godt.

Eg, og mange med meg, fekk ein skeiv start på livet. Me fekk innprenta at me skulle vega ulike omsyn mot kvarandre, sjå ulike nyansar i ulike saker. Etter kvart har eg måtta ta inn over meg at no er det uår for slike som vil sjå fleire sider av ei sak. Dei gjer livet for komplisert. Livet skal vera svart eller kvitt. Grånyansar er ein uting. Dei er so vanskelege å få auga på. Nei, den sikraste måten å få klårsyn på er å sjå alt i svart og kvitt. Då er kontrastane tydelege, og grensene for rett og gale er sylskarpe.

No ventar eg berre på at nokon kan tilby meg eit kurs eller ein personleg trenar som kan hjelpa meg å verta kvitt grånyansesynet på livet. Eg forstår meir og meir at lukka i livet er å finna nok saker å vera imot. Målet må vera at eg kvar månad finn ei ny sak som eg kan vera imot. Etter eitt år vil eg ha 12 saker som eg med jamne mellomrom kan velsigna med sinne, frustrasjon og andre kjensler som kan gje kvardagane meining. Kanskje skal eg byrja med ulv og innvandrarar. Då har eg gjort imot-jobben for to månader framover. Det må då vera ein pangstart på imot-livet mitt.

Share

Eg melder overgang

Eg melder overgang til ny flokk, så snart overgangsvindauga vert opna, slik ved nyttårstider. Lenge har eg forsøkt å venja meg til at styrande politikarar er opptekne av mange detaljar. Det er i og for seg greitt nok. Noko må dei no vera opptekne med, sidan dei viktige spørsmåla er for store å tenkja på for politikarar som har litt høgdeskrekk og som difor snart vert svimle. Då er det trygt å kasta seg over detaljar i kvardagen, slike som ikkje betyr noko i den store samanhengen. Ta t.d. å auka fartsgrensa frå 100 km i timen til 110 km. Stort framsteg for manneætta som på den måten kan gjera det statistisk meir sannsynleg at fleire misser livet i trafikken. Eller denne ståhjulingen som det gjer endå enklare for folk å forflytta seg frå heimen til treningsstudio utan å måtta bruka kroppen. Det gjeld å vera heilt utkvild når ein skal forbrenna tilmålt kvote kaloriar på treningsstudio. Så var det visst noko med lakrispiper og vinkjøp på flyplassar. Viktige detaljar i den store meiningsløysa.


No tykkjer eg at det vert så mange uvesentlege detaljar som dominerer hjå politikarane at eg vil melda overgang til ein annan flokk. På vanleg måte har eg tvilt meg fram til ein ny flokk. Etter ei totalvurdering, som det heiter, søkjer meg ein flokk som rett nok er opptekne av kvardagsdetaljar, men det er trass alt grunnleggjande detaljar, slike som betyr noko for å kunna overleva og utvikla seg. For ikkje å gjera overgangen for innfløkt, vil eg difor melda overgang til sjimpansane. Dei skal vera mest like på menneska, dersom ein skal tru Wikipedia, og det kan ein gjera slik inni mellom. Overgangen burde gå greitt sidan eg snart er som Bosman-spelar å rekna og dermed ikkje treng vera redd for at den noverande flokksjefen min, den norske staten, vil krevja overgangssum. Eg har ingen agent, og det betyr éin føkrok mindre å metta.

Enkel i drift er eg også, skal nok klara meg med frukt og bær, slik på jamnen. Eg reknar med at det er god tilgang på Gravenstein og Torsteinseple. For ikkje å gløyma heilt kvar eg kjem ifrå, må eg sikra meg rett til to måltid med komla og røykjekjøt kvart år. Eg gler meg allereie til dei måltida.

Eg fann ei beskriving av sjimpansane som gjer at eg er nesten heilt sikker på at eg vil finna meg vel til rette hjå dei. For ikkje å verta mistenkt for å manipulera den leksikalske sanninga, tek eg med teksten slik han er skriven i Store norske leksikon: «Sjimpansene er nysgjerrige og lærenemme og kjent for å ha en avansert bruk av redskaper.» Dette er eit liv som er skapt for meg. Vidare heiter det at «Sjimpansene lever i løse samfunn på 20–100 individer med felles territorium. Medlemmene av sjimpansesamfunnet opptrer i fleksible, mindre enheter avhengig av blant annet tilgang på føde, vann og andre pattedyr.» Det er som å sjå for seg eit departement. Jau, eg vil sikkert trivast hjå sjimpansane. Men – eitt spørsmål står enno utan svar: det er ikkje sikkert at sjimpansane er interesserte i ein overgang. Den tid, den sut. I alle fall er det greitt å ha tenkt gjennom ein overgangsprosess. Det kan henda at tankane kan koma vel med.

Share