Stikkordarkiv: treneve

Verktøykassen

Tittelen på teksten er kanskje litt misvisande. Eg skriv ikkje om den verktøykassen som handverkarane bruker. Til det er eg for mykje treneve med tilhøyrande dårleg utvikla praktisk kunnskap. Nei, eg vil skriva om den daglege verktøykassen som stendig fleire av oss bruker, og som me gjer oss avhengige av. Eg tenkjer på smarttelefonen. Denne vesle tingesten som lagar ulike lydar for å fortelja oss om meldingar av ulikt salg, varslar oss om at no har egga kokt lenge nok, eller vekkjer oss om morgonen, berre for å nemna nokre av hjelperådene. Og sjølvsagt ringjer han når nokon vil snakka med oss; det skulle berre mangla.

Kanskje kan me seia det slik: vis meg startskjermen på smarttelefonen din, og eg skal fortelja kven du er. Det er enklast å fortelja om programma/appane på min eigen startskjerm, og so får du som lesar tenkja deg til resten.

Sentrale appar på startskjermen er Meldingar, Telefon, E-post, Kalender og kontaktlista. Dermed kan eg lett ha kontakt med dei eg måtte ynskja til kvar tid. E-post-appen har tilgang til fleire e-postkontoar, slik at eg aldri kan unngå å få meldingar so lenge eg har telefonen innanfor rekkevidde, og det har eg. Avtaler og møte legg eg inn i kalenderen, og sjølvsagt får eg varsel i god tid før dei aktuelle tidspunkta.

Eg unner meg to nettlesarar; den eine til å lesa aviser på og den andre til å sjekka/skriva på bloggen min Jakobs bok. Sjølvsagt har eg lett tilgang til Fjesboka (eller Facebook, som det heiter på ny norsk). På fjesboka får eg vita mangt som eg har nytte av og elles ein god del unyttig. Men triveleg kan det vera å lesa kva folk tenkjer, et og opplever. Fjesboka nyttar eg til å fortelja om nye og gamle tekstar i bloggen Jakobs bok eller om valsaspelgruppa «Polka med støyt». Ypperleg reklamekanal for ein som har eit anstrengt forhold til reklame.  Og so har eg sjølvsagt lett tilgjenge til kamera på telefonen. Det kan koma godt med når det dukkar opp situasjonar som er verde å festa til det digitale «fotopapiret».

To appar er eg heilt avhengig av. Den eine er Yr der eg kan finna ut om det er trygt å fara vestover over fjella. Eg kan til og med lesa temperaturen der eg er til kvar tid. På den måten er eg aldri i tvil om korleis vêret er. Sist, men ikkje minst, har eg ein app som heiter Ordbøkene. Stempla godt program, der eg raskt kan sjekka om eg sjølv eller andre held styr på ortografi og grammatikk.

Slik er mi app-sjølvmelding om startskjermen min. Han held styr på meg, hjelper meg å navigera i kvardagen og til å planleggja framover. Og då har ikkje nemnt appar som hjelper meg med billettkjøp, banktenester osv. osv. Men dei ligg ikkje på startskjermen. Om eg er eit lukkelegare menneske enn eg var før eg fekk smarttelefonen, veit eg ikkje. Det finst sikkert ein app som kan fortelja meg om dét også. Men eg er rimeleg sikker på at smarttelefonane våre er eit førevarsel om den robottida me er på veg inn i, der liva våre i endå større monn vert avhengige av at nokon rundt oss utfører digitale tenester.

Og berre for å ha nemnt det: barneborna er vonbrotne over smartelefonen min; han inneheld  ikkje eit einaste spel.

Share

Klakaskadle og andre godord

Her om dagen såg eg i statistikken for bloggen min at nokon i Bergen hadde søkt på Google etter ordet klakaskadle. Det eksistensielle spørsmålet er sjølvsagt kvifor ein bergensar måtte ty til Google for å få vita noko om ordet klakaskadle. Svaret får eg nok aldri, heller ikkje om eg spør Google. I alle fall, viseleg nok vart den forvitne bergensaren førd til ein av bloggtekstane mine frå november 2015. Eigenleg er det eit teikn på at det ligg litt sunt vit i botnen på dei algoritmane som styrer Google-søkinga. Men nok om det.

Eg kom til å tenkja på andre «godord» som eg og kameratane mine vart velsigna med av foreldre eller andre som på ulik vis ville karakterisera oss ungane og ferdalaget vårt. Orda er kanskje ute av bruk no, dei fleste stader. Somme vil nok kalla dei skjellsord. Som oftast vart dei likevel serverte med eit glimt i auga. Og samanlikna med dei karakteristikkane som er vanlege i dag mellom ungdomar, er desse orda for oppbyggeleg sundagsskulelærdom å rekna.

Utan tvil var klakaskadle eit favorittord for far når eg bar meg dumt åt i praktiske gjeremål. Han hadde nok rett, dei fleste gongane. Ordet er sjølvforklarande og temmeleg presist på ein famlande gutunge som korkje er interessert i eller flink til å utføra praktiske gjeremål. Ein skikkeleg treneve kunne eg vera.

Andre gonger kunne eg få høyra at eg var ein tasaleist. Bak det låg ei oppfatning av at eg nok kunne vera litt varsam av meg, tok ikkje unødige sjansar. I dei fleste høva kunne det nok vera ein føremonn, men det hende sikkert at varsemda vart overdriven. Tase heng saman med tassa, å lista seg, gå varsamt. Leist kjenner me til i ord som sokkaleist. Eit anna ord i same gata var jase. Ordet kan bety hare og peikar på ein litt unnvikande og småredd person.

Det var i grunnen godt om nemningar eller utnamn som karakteriserte oss på ulik vis. Slik eg hugsar det, var slike utnemne knytte til negative kjennemerke. I farten kjem eg på slaur, utange, travalark og trave, berre for å nemna nokre få som uttrykte at den som vart karakterisert, var ulydig og ufin. Bruk av slike utnamn avspeglar kanskje eit miljø som var raskare til å slå ned på uynskt åtferd enn å skryta og godsnakka. Me sløste nok ikkje med godorda, livet var for alvorleg til det. Ikkje slik å forstå at me vaks opp i eit skrekkvelde der utnamn fauk om øyro seint og tidleg. Og når det vanka godord, visste me at det var meining bak dei. Ikkje trur eg at me har hatt posttraumatiske seinverknader heller, sjølv om sjølvdiagnostisering er ei tvilsam øving. Som nemnt, var nok bruken av utnamn som oftast kombinert med ein omsorgsfull smil. Likevel er det sikkert terapeutsjeler der ute som meir enn gjerne kunne tenkja seg å diagnostisera oss no i ettertid.

Det vanlegaste utnamnet var nok tosk, og la meg ta med ei lita soge, som kan ha vore sann. Kona i huset kom opp i ein diskusjon der ho vart sitjande heilt åleine med synspunkta sine. Ikkje eingong mannen støtta henne. Han sat berre og smålo av meiningsutvekslinga. Då vart det nok for kona. Ho snudde seg til mannen sin og utbraut: «Og du Ola, du berre sit der og er ein tosk!»

Eg må nok vedgå at stundom, når eg ser debattar i fjernsynet eller les i aviser, kjem eg på desse utnamna frå barndomen. Kven av kjendisgalleriet som passar til kva utnamn? Nei, so mykje skjemmevit har eg, at eg held fordommane mine for meg sjølv.

Share