Stikkordarkiv: tvil

Dør på glytt

Kan aldri heilt
bestemma meg:
er ei dør på glytt,
nesten open,
eller nesten stengd?
Vil gjerne at døra
skal vera i ferd med å opna
seg,
opplever ofte at
døra smett att,
i det eg trur at foten
har fått plass i døropninga.

Det enklaste er dører
som er heilt opne,
eller heilt stengde,
då kan ikkje eingong
tvilen vera til
hjelp,
heller ikkje eit halvfullt glas
med hardingsider.

Share

Om berre

Om berre det rette ordet
kunne falla på plass på linja
som eg prøver å skriva
på skjermen rett framfor meg,
om berre det rette ordet
kunne fanga ljoset frå
dei smilande augo dine
nett i den augneblinken då
varmen smeltar den tunne
ishinna av tvil.

Om berre det kunne henda,
berre éin gong.

Share