Stikkordarkiv: Ullensvang

Fjernsynsafari i eigen fjord

P1000016_cr-bEg må berre vedgå det: eg sat og såg på då NRKs sommarbåt gjekk fjordalangs i Hardanger. Eigenleg var det fyrste gongen eg har site midtfjords so lang strekkje i eigne fjordarmar. Til vanleg sit eg i bil som førar og har meir enn nok med å finna ut korleis ein skal koma seg fram på smal og svingete veg. I alle fall gjeld det på austsida av Sørfjorden. På vestsida er det mykje betre, men so har nokre hovud, som må vera kloke på ein merkeleg måte, funne ut at ferjesambandet mellom Utne og Kvandal skal reduserast. På den måten får dei mange fleire til å køyra den dårlege vegen på austsida. Dei må kanskje tru at ynsket om å køyra over Hardangerbrua er so sterkt at dei toler den dårlege austsidevegen samstundes som dei må betala i dyre dommar for å koma seg over på Oksen-halvøya. Vegplanlegging i Hardanger har eg aldri forstått, og langt mindre no når eg er trygt internert i innlandet, litt i utkanten av det området der firfeltshysteriet rår.

Men attende til sommarbåten. Eg fann ut at det var utruleg praktisk å sitja framfor fjernsynet. Ikkje nødvendig å snu hovudet ein einaste gong, slik ein må gjera når ein sit i båt på fjorden. Her kunne eg sjå rett fram heile tida, utan å få vondt i nakken. Det var mange kamera som viste begge sidene av fjorden i tillegg til utsyn både framover og bakover. Storarta! Der steig det fram det eine landemerket etter det andre. Børvehovden – det mest markante landemerket i Sørfjorden. Eg kjem i hug den fyrste landkunneboka eg hadde på folkeskulen; det heiter vel geografi no. Det fyrste biletet i boka viste kyrkja i Ullensvang og Børvehovden. I mange år var eg overtydd om at sidan dette biletet stod fremst i landkunneboka, måtte Ullensvang og Sørfjorden vera den finaste staden på jorda, meir som sentrum i verda. Seinare har eg nok møtt motbør mot eit slikt syn, men inst inne trur eg på det den dag i dag, sjølv om eg ikkje seier det til nokon.

Akkurat då båten skulle svinga inn til Utne, der eg hadde åtte gode år på Hardanger folkemuseum, kom den lagnadstunge meldinga på skjermen at båten var utanfor dekningsområdet. Heldigvis varte det ikkje so lenge. Likevel var det ei påminning om at Utne, denne fagre staden, ligg nok litt utanfor allfarveg, når programmeringsutgangspunktet ligg i Oslo. I alle fall, medan båten nærma seg Utne, kunne eg tenkja attende på spennande museumsår. Eg var heldig og fekk vera der då økonomien var god. Når eg tenkjer nærare etter, var eg alltid heldig på det feltet. Eg fekk oppleva museumsinstitusjonar med god økonomi. Det er lenge sidan eg har møtt museumsfolk som uttrykkjer seg slik.

Slik sat eg og lét minna rulla over den indre radarskjermen. Frå båten såg eg eit lite glimt av det huset der eg vaks opp, i Hedlandshagen. Ombygt, men likevel attkjennande. Slekta bur der framleis. Sanneleg såg eg ungdomshuset, der eg møtte den fyrste kjærasten min. Innimellom minnebileta såg eg mange kjenningar som vinka og hoppa på land. Dei oppførde seg som vårkåte kalvar. Kva gjer ein ikkje i von om å vera til pynt i fjernsynsruta nokre sekund!

Det heile var ein sann attkjenningssvir der sommarbåten tok seg fram i den delen av landet som har vore med på å skapa ein del av den nasjonalromantiske dimensjonen som landet og turistnæringa har brukt dei seinaste 150 åra. Høgdepunktet var sjølvsagt Ulvik og Lars Sponheim som med velkjend, allfaderleg pondus proklamerte at Ulvik er perlo i Hardanger. Rette ord i beste sendetid; det høver framifrå å ha ei perle mellom diamantane i Hardanger.

Share

Slekt-slump

Midt i all krampaktig planleggingsaktivitet med tilhøyrande risikoanalyse kan det vera nyttig å hugsa på at ein god del av dei viktige hendingane i livet er rein slump, i alle fall tilsynelatande. Har du nokon gong tenkt på korleis slumpen har herja når det gjeld utviklinga av slektene, også di eiga slekt? Eg tenkjer sjølvsagt ikkje på dei få slektene der nokon i tidlegare tider forsøkte seg med ei form for eigedoms- og rikdomsutviklande avl, med arrangerte ekteskap som eit verkemiddel. Nei, eg tenkjer på fleirtalet av slektene, der manglande risikoanalyse i avgjerande augneblinkar har vore normalen. Eg tenkjer med andre ord på slektene til folk flest. Her er eit døme frå mi eiga slekt på farssida.

Eg har i ein tidlegare tekst fortalt at besten min, Jakob Jonson Velure, var i USA frå 1882 til 1891. 19 år gamal reiste han den 28. juli 1882 frå Bergen med Inman Linie til USA. I papira etter han finst enno billetten som viser at han betalte 177 kroner og 70 øre for å koma seg over til USA. Billetten omfatta også togreise frå New York til Durand, Illinois. Han kom til New York 12. august 1882 med S/S «City of Montreal».

I passasjerlista står han oppførd som skreddar, og han livnærte seg som skreddar alle åra han var i USA. Det tyder på at han tok sikte på å verta verande i USA, for 1. november 1890 vitnar han framfor distriktsdomstolen for Howard County at han fråskriv seg truskapen til den svensk-norske kongen fordi han vil verta amerikansk innbyggjar. I 1892-93 kan det likevel tyda på at han har kome attende til Sørfjorden. Brev til han i dei åra er adresserte til Hardanger. Om han berre skulle ein tur heimom, eller om han kom for å slå seg til, veit me ikkje. I alle fall dukkar han opp i kyrkjebøkene 16. april 1895, då han gifter seg med Marta Olsdotter Espe. Eldste dottera, Johanna, vert fødd 2. august same året. Seinare kom det åtte born til; fire av syskenflokken døydde som born.

Kanskje er dette soga om amerikafararen som berre skulle heimom ein tur, men som møtte ei jente som han gifte seg med. Kanskje ville ikkje svigerfaren, bonden på Espe, at dottera skulle vera med attende til Amerika. I alle fall, hadde besten min vorte verande i USA, slik han tydelegvis tenkte å gjera, då hadde ikkje eg site her og fantasert om livet til ein bestefar som eg aldri fekk møta. Slik sett er det ein slump at heile slekta etter besten min vart slik me kjenner henne. Sameleis kan det seiast om fleirtalet av menneskelagnader. Noko avgjerande hender – å få barn saman må seiast å vera avgjerande i så måte – og me ser slekters gang, på godt og vondt. Hadde besten min slått seg ned i Amerika, slik to brør og ei syster gjorde, hadde livet hans vorte heilt annleis. I 1943 døydde Jakob-besten, 80 år gamal. Om han nokon gong tenkte på livet sitt som ei slumpelukka, slik Per Sivle skriv om, er heller tvilsamt. Livet vart stundevis hardt for han og besto mi. Men som etterkomar vil eg likevel tolka det som hende i åra 1893-1895, som ei lita slumpelukke. Og sannsynlegvis var det rein slump  at besten min kom heimatt då han gjorde det.

Share