Stikkordarkiv: Ulvik

Prislaus

Det var ikkje so mange prisar å halda greie på då eg vaks opp. Det var kaffiprisen; den var besto oppteken av. Og so sjølvsagt prisen på appelsiner før jol. Det viktigaste var likevel prisen på frukta, når fruktdyrkarane fekk oppgjer frå fruktlageret. Det var alvor over dei prisane, det er lett å forstå. Etter som åra la seg over meg, so lærte eg at det var noko som heitte Nobel-prisar. Eg lærte òg etter kvart at det var stor skilnad på prisar som ein måtte betala, og prisar som ein fekk, fordi ein hadde gjort noko klokt. Det siste var meir som i sportsverda der ein vann premiar. Alt i alt var det likevel eit oversiktleg prisunivers, både på den eine og andre måten.

I dag er det komplett umogeleg å halda oversyn over den enorme mengda med prisar som vert delte ut til nokon fordi dei har gjort eitt eller anna. Det treng ikkje nødvendigvis vera so klokt, men det må vera noko som får omverda til å meina at det som er gjort, av og til med ein tanke bak, fortener ei påskjøning i form av ein pris. Kulturlivet og mediebransjen ser ut å vera spesielt hardt råka av ein prisfarang, og det manglar tydelegvis vaksine mot farangen. Det er ikkje ein dag utan at det vert delt ut ein pris, og eg vil våga den påstanden at det er mange fleire prisar enn det er dagar i året. Samfunnet vårt fyllest opp med eit mylder av prisar, og stendig fleire kan smykka seg med ein eller annan pris. Det burde lagast eit forskingsprosjekt som kartlegg alle prisar som finst i dette avsidesliggjande landet. Oversynet bør også omfatta informasjon over kven som har fått dei mange ulike prisane. Det er alltid trygt å vita kven som bur rundt ein. På den måten kunne til dømes bustadmeklarane i salsprospekta sine ha eit oversyn over kva prisar naboane i bustadområdet har fått. Då kan eigedomskjøparane vurdera om dei passar inn i prisprofilen i eit bustadområde eller ikkje.

No må for all del ikkje formuleringane tolkast slik at eg ikkje unner prisvinnarar det dei får. På ingen måte. Alt er utan tvil både prisverdig og fortenstefullt. Men prismedalja har òg ei bakside. Den store majoriteten av oss har trass alt ikkje fått nokon prisar enno. Dei fleste av oss er prislause. Stundom vert eg litt i stuss over korleis me prislause har det inst inne. Kva med dei som har yrke der det er ikkje oppretta prisar, som er aktive i hobbyar eller har interesser som enno ikkje er funne prisverdige? Det kan etter kvart verta småtraumatisk, for ikkje å seia pristraumatisk, å oppdaga at ein lever i dei samfunns-segmenta som ikkje vert rekna som prisverdige. For å skapa ei form for balanse i dette priskreative samfunnet burde det difor etablerast ein pris for dei mange av oss som er prislause, dei som aldri kjem i nærleiken av det store prismangfaldet. Eigenleg burde Innovasjon Norge engasjera seg her for å etablera ein pris for den mest prislause, eller den minst prisverdige, for å presentera saka frå to ulike vinklar. Her om dagen lufta eg tankane mine for Kvitanesen, verdsborgaren frå Ulvik. Han såg skarpt på meg, rista på hovudet og bles i nasa. «Du har i alle fall ikkje vorte klokare som pensjonist. Eg vil omskriva orda til ein annan verdskjend ulvikje: kvar mann sin pris!» So stappa han ein dugeleg pris med snus i kjeften. Sanningsord i kontant form er so absolutt prisverdige.

Share

Fjernsynsafari i eigen fjord

P1000016_cr-bEg må berre vedgå det: eg sat og såg på då NRKs sommarbåt gjekk fjordalangs i Hardanger. Eigenleg var det fyrste gongen eg har site midtfjords so lang strekkje i eigne fjordarmar. Til vanleg sit eg i bil som førar og har meir enn nok med å finna ut korleis ein skal koma seg fram på smal og svingete veg. I alle fall gjeld det på austsida av Sørfjorden. På vestsida er det mykje betre, men so har nokre hovud, som må vera kloke på ein merkeleg måte, funne ut at ferjesambandet mellom Utne og Kvandal skal reduserast. På den måten får dei mange fleire til å køyra den dårlege vegen på austsida. Dei må kanskje tru at ynsket om å køyra over Hardangerbrua er so sterkt at dei toler den dårlege austsidevegen samstundes som dei må betala i dyre dommar for å koma seg over på Oksen-halvøya. Vegplanlegging i Hardanger har eg aldri forstått, og langt mindre no når eg er trygt internert i innlandet, litt i utkanten av det området der firfeltshysteriet rår.

Men attende til sommarbåten. Eg fann ut at det var utruleg praktisk å sitja framfor fjernsynet. Ikkje nødvendig å snu hovudet ein einaste gong, slik ein må gjera når ein sit i båt på fjorden. Her kunne eg sjå rett fram heile tida, utan å få vondt i nakken. Det var mange kamera som viste begge sidene av fjorden i tillegg til utsyn både framover og bakover. Storarta! Der steig det fram det eine landemerket etter det andre. Børvehovden – det mest markante landemerket i Sørfjorden. Eg kjem i hug den fyrste landkunneboka eg hadde på folkeskulen; det heiter vel geografi no. Det fyrste biletet i boka viste kyrkja i Ullensvang og Børvehovden. I mange år var eg overtydd om at sidan dette biletet stod fremst i landkunneboka, måtte Ullensvang og Sørfjorden vera den finaste staden på jorda, meir som sentrum i verda. Seinare har eg nok møtt motbør mot eit slikt syn, men inst inne trur eg på det den dag i dag, sjølv om eg ikkje seier det til nokon.

Akkurat då båten skulle svinga inn til Utne, der eg hadde åtte gode år på Hardanger folkemuseum, kom den lagnadstunge meldinga på skjermen at båten var utanfor dekningsområdet. Heldigvis varte det ikkje so lenge. Likevel var det ei påminning om at Utne, denne fagre staden, ligg nok litt utanfor allfarveg, når programmeringsutgangspunktet ligg i Oslo. I alle fall, medan båten nærma seg Utne, kunne eg tenkja attende på spennande museumsår. Eg var heldig og fekk vera der då økonomien var god. Når eg tenkjer nærare etter, var eg alltid heldig på det feltet. Eg fekk oppleva museumsinstitusjonar med god økonomi. Det er lenge sidan eg har møtt museumsfolk som uttrykkjer seg slik.

Slik sat eg og lét minna rulla over den indre radarskjermen. Frå båten såg eg eit lite glimt av det huset der eg vaks opp, i Hedlandshagen. Ombygt, men likevel attkjennande. Slekta bur der framleis. Sanneleg såg eg ungdomshuset, der eg møtte den fyrste kjærasten min. Innimellom minnebileta såg eg mange kjenningar som vinka og hoppa på land. Dei oppførde seg som vårkåte kalvar. Kva gjer ein ikkje i von om å vera til pynt i fjernsynsruta nokre sekund!

Det heile var ein sann attkjenningssvir der sommarbåten tok seg fram i den delen av landet som har vore med på å skapa ein del av den nasjonalromantiske dimensjonen som landet og turistnæringa har brukt dei seinaste 150 åra. Høgdepunktet var sjølvsagt Ulvik og Lars Sponheim som med velkjend, allfaderleg pondus proklamerte at Ulvik er perlo i Hardanger. Rette ord i beste sendetid; det høver framifrå å ha ei perle mellom diamantane i Hardanger.

Share