Stikkordarkiv: utviklingshemma

Dei utskilde

So er me der på ny, attende til systemtenking og menneskesyn slik me opplevde det på 1950- og 1960-talet. Dei som er annleis og som treng hjelp i livet, høyrer eigenleg ikkje til i normalsamfunnet. I skule og arbeidsliv ser me klåre tendensar til at dei som er annleis, funksjonshemma eller utviklingshemma, skal skiljast ut frå samfunnet. Dei bør haldast for seg sjølve. Den enklaste måten å gjera det på er å samla dei i eigne grupper. I skulen vert nærskuleprinsippet erstatta med nye spesialskular eller spesialklassar. Det er viktig at dei får vera saman med likesinna, heiter det. Då slepp dei nederlaga som vil koma dersom dei skal vera med dei sokalla «funksjonsfriske», er ein annan påstand. Sanninga er vel at sterke lærarkrefter og kommunale administrasjonar tykkjer at det er for mykje bry og ekstra utgifter med å la utviklingshemma elevar vera i lag med jamaldringar. Kronargumentet er alltid at ved å samla lærarkrefter og hjelpesystem i ein spesialskule, får dei «robuste» fagmiljø som kan hjelpa elevane på ein betre måte. Då er det ikkje so viktig at elevane frå tidleg barndom lærer at dei ikkje høyrer til i storsamfunnet. Dei høyrer til der ute, utanfor samfunnet. Og medelevar lærer at dei andre, dei som er annleis, dei høyrer til der ute, utanfor den fellesskapen som dei som ikkje er funksjonshemma, skal byggja for seg og sine.

I bustadsamanheng ser me den same utviklinga. Stendig fleire kommunar vil byggja mini-institusjonar, der utviklingshemma og hjelpetrengjande skal samlast i eigne meir eller mindre avlukka samfunn. På ny er det argumentet om sterke fagfellesskap som vert hovudgrunngjevinga. Når mikrofonar er avslåtte og journalistane er langt unna, snakkar både politikarar og administrasjon om at det kostar for mykje å inkludera dei som er annleis, i det sokalla vanlege samfunnet. Inkludering og integrering går ut over alle dei godene som «normalsamfunnet» gjerne vil løyva til seg sjølv.

Det er sjølvsagt råd å finna forteljingar om hjelpeapparat som lukkast brukbart både med inkludering og integrering. Det er likevel ein aukande tendes til at dei utskiljande tankane, dei som somme gonger er direkte diskriminerande, vinn meir og meir gehør hjå dei som styrer. Difor saknar eg ein Arne Skouen som i si tid sette ljoskastarane på det grunnleggjande kyniske i det menneskesynet som so lett vil skilja ut alle som ikkje heilt passar inn. Eg saknar dei stortingspolitikarane som på 1980- og 1990-talet forstod og tok inn over seg at også dei som er litt annleis enn fleirtalet, har eit menneskeverd. Eg saknar fleire omsorgsbyråkratar som forstår at dei som treng litt ekstra hjelp, fortener å verta møtte som einskildindivid med ulike føresetnader og ulike behov. Aller helst burde dei som er litt annleis, i størst mogeleg monn vera ein del av oss andre. Dei burde inkluderast og integrerast i det store «oss».

Det vil sjølvsagt ofte vera grenser for kva som er mogeleg å oppnå, men det er alltid einskildindividet som skal vurderast, ikkje kva gruppe den einskilde kan puttast i. I dag ser det ut til at det viktigaste er å kartleggja alle avgrensingane hjå dei personane det gjeld, for på den måten å kunna finna rett bås der dei kan plasserast, helst for alltid. Potensialet for å verta ein del av «normalsamfunnet» er det lett å oversjå. Dette er ei form for omsorgsapartheid som gjer meg stundom skuggeredd. Endring er på ingen måte alltid det same som framgang.

Share

Haldnings-kontrastar

Livet er fullt av kontrastar, av og til meir kontrastfullt enn det me ynskjer. Familien har meir enn 35 års erfaring med å ha ein medlem som er annleis, som er utviklingshemma og som treng hjelp 24 timar i døgeret. Me har lært at stort sett har det norske samfunnet eit hjelpesystem som er tufta på eit menneskesyn som legg til rette for at dei hjelpetrengjande skal kunna delta i samfunnet på sine eigne føresetnader. Det gjeld også i skulesamanheng, der me opplevde at samværet med dei andre elevane i klassane hadde ein sterkt positiv læringsverknad, i alle fall i barne- og ungdomsskulen.

Opp gjennom åra har me møtt ein del skepsis mot å integrera sterkt utviklingshemma i det vanlege skulesystemet. Eit vanleg synspunkt er at dei forstyrrar dei andre i klassen, og at dei ikkje har utbytte av å vera der. Dei har best av å få opplæring saman med andre som har lære-utfordringar. Det er nok fleire som deler dette synet, også mellom foreldre til utviklingshemma. Sjølv om eg er ueinig i synspunktet, respekterer eg at andre kan leggja vekt på andre sider i sakskomplekset enn det eg gjer.

Her om kvelden hadde Dagsrevyen ei sak der ein lokal politikar i Lillehammer forfekta liknande synspunkt. Etter ein kort visitt i ein klasse stilte politikaren spørsmål ved om ein utviklinghemma elev hadde pedagogisk nytte av å vera saman med dei andre. Eleven laga lydar, og politikaren tolka situasjonen slik at han absolutt ikkje hadde noko pedagogisk utbytte av det som skjedde i klassen. Det ville ha vore mykje betre både for klassen og eleven at han hadde opplegget sitt skilt frå dei andre.

Ja, det er utfordrande å gjennomføra integrering av dei som er annleis. Det er ikkje vanskeleg å visa til tilfelle der det er avstand mellom intensjon og praksis. Det treng ikkje bety at det er feil med integreringsintensjonane. Dessutan: det vil alltid vera skilnad frå individ til individ. Utviklingshemma er på ingen måte ei einsarta gruppe. Grunnlaget for å lukkast er å ha eit menneskesyn som respekterer det som er ukjent og annleis, og som aksepterer at i mange samanhengar, og oftare enn ein trur, har både den utviklingshemma og me andre stort utbytte av å samhandla, også i skulesamanheng.

Same kvelden som denne saka kom i Dagsrevyen, var eg på ein avslutningskonsert for ein musikkinstruktør som har brukt kunnskapen og klokskapen sin i 28 år til å læra utviklingshemma å spela i korps. Han har behandla dei utviklingshemma på ein måte som har imponert oss foreldre og andre som har sett korleis musikkorpset har utvikla seg. For 28 år sidan trur eg det knapt var nokon som kunne førestella seg kva desse musikantane kunne utføra. Takk vere eldsjeler som denne musikkinstruktøren, har dei utviklingshemma fått oppleva å meistra aktivitetar som eit stort fleirtal ville meina ikkje er mogeleg. Eit respektfullt menneskesyn og tru på at læringspotensialet er mykje større enn det me «normale» kan førestella oss, har gjeve dei utviklingshemma ein rikare kvardag. Som samfunn har me fått meir kjøt på den beingrinda som mange av oss hyllar som eit fargerikt fellesskap.

Ein vanleg onsdag i juni månad 2015, og to haldnings-kontrastar: på den eine sida ei oppfatning av at dei som er annleis, i større monn bør skiljast ut i utdanningssamanheng. På den andre sida ei eldsjel som har brukt mykje tid i 28 år til å visa at også dei utviklingshemma har potensial, dersom me som samfunn bryr oss. Eg veit kva tilnærming eg trur på.

Tidlegare blogginnlegg om same tema: https://www.jakobvelure.no/?p=58.

Share