Stikkordarkiv: videomøte

Heimekontor

Mars 2020 vart ein heilt spesiell månad for omgrepet ‘heimekontor’. Styresmaktene rådde so mange som mogeleg å utføra arbeidsoppgåvene sine frå heimekontor. Det skulle vera eitt av mange tiltak for å å redusera faren for å verta smitta av korona-viruset. Seinare har me nesten kvar dag kunna lesa i media korleis personar har funne seg til rette med å arbeida heimefrå, medan andre mistrivst med å vera kopla ifrå det pulserande samhandlingsmiljøet på arbeidsplassen.

Sjølv har eg erfaring med heimekontor sidan slutten av 1990-talet. Eg likar difor å sjå på meg sjølv som ein pioner i heimekontorsamanheng. Med eit departement som arbeidsgjevar fekk eg frå fyrste stund aksept for at eg kunne sitja på heimekontor nokre dagar i veka. Dei fyrste åra var det berre snakk om telefonkontakt, e-post og kommunikasjon på faks. Men snart vart det mogeleg med nettkontakt til journalsystem og saksbehandlarsystem i departementet. Dermed var det i grunnen ikkje særleg skilnad på å sitja på kontoret i Oslo eller på heimekontor på Lillehammer. Det var berre snakk om å planleggja vekene slik at nødvendige møte kunne avviklast dei dagane eg var i Oslo. Dessutan måtte eg sjølvsagt vera fleksibel når det galdt kva dagar eg måtte vera til stades i Oslo.

For meg var dette ei løysing som passa svært godt. I periodar skulle eg skriva ulike dokument, ofte med korte tidsfristar. Då var heimekontor-bobla heilt perfekt. Eg kunne konsentrera meg heilt og fullt om å skriva utan andre forstyrringar enn ei og anna telefonsamtale. Ingen stakk innom for å spørja eller slå av ein prat. Eg trong ikkje bruka tid på sosial samhandling i matpauser o.l. Eg kunne bruka all tid på å formulera tekst. Skrekk og gru, er det nok somme som tenkjer, dei som har sterkare sosiale refleksar enn dei eg er utstyrt med.

Ordninga med heimekontor kjem heilt sikkert til å verta ei varande endring i delar av arbeidslivet i det «etter-koronære» samfunnet. Mange har nok fått opp augo for at somme arbeidsoppgåver kan løysast på ulike måtar, inkludert bruk av heimekontor i større monn. Endå større verknad vil meir bruk av videomøte kunna ha på arbeidsorganisering. Møte-instituttet er ei av dei mest misbrukte ordningane i arbeidslivet. Videomøta bør i stor monn kunna redusera unødig møteverksemd, der deltakarar må reisa ofte lange strekkjer for å vera til stades på eit møte i nokre timar. Videomøte og heimekontor kan faktisk føra til at mange arbeidsoppgåver kan løysast meir kostnadseffektivt enn det me har trudd til no. Koronatida har lært oss at me bør vera opne for større fleksibilitet og variasjon når det gjeld arbeidsoppgåver som til no har vore løyste ved at arbeidstakarar møter opp på ein fast arbeidsstad og sit på celle-kontor eller i eit kontorlandskap. Aldri so gale, og so bortetter…

Share

Møte

I eit langt yrkesliv brukte eg sikkert fleire år på å sitja i møte. Mange gonger var det nødvendig for å koma vidare i konkrete saker eller prosjekt. Likevel vil eg hevda at møte ofte er eit misbrukt samhandlingsinstrument. Ja då, eg sit i glashus. Svært mange av dei møta eg har vore med på, har eg styrt sjølv. I endå fleire møte har eg vore vanleg deltakar utan annan innverknad på innhald og gjennomføring av møta enn det som følgjer naturleg av å vera deltakar.

Og for all del, i korrekt byråkratisk drøftingsånd, er det lett å vedgå at strukturerte møte kan vera eit ypperleg instrument for å utvikla eit prosjekt, eller gjennomdrøfta sakskompleks for å koma fram til fornuftige konklusjonar. Det krev sjølvsagt at møteleiar har vilje og evne til å driva drøftingane framover, kunna strukturera, analysera og oppsummera, slik at alle deltakarane forstår kor langt ein har kome, og kva som skal arbeidast vidare med. Heldigvis er det mange møte som fungerer slik.

Når eg hevdar at møte ofte er eit misbrukt instrument, tenkjer eg på dei altfor mange gongene når nokon finn ut at dei må ha eit møte, fordi dei vil ha eit møte. «Dette må me ha eit møte om», kan ofte vera utgangsreplikken for slike møte. Ofte endar det opp som ei ustrukturert pratestund. Deltakarane er like kloke etterpå som dei var før møtet starta. Somme vil nok kunna hevda at det var ein nyttig og god prosess. Men eg høyrer nok til det folkeslaget som prøver å halda meg unna møteprosessar der møtet er eit mål i seg sjølv. Prata med folk kan eg gjera utan å kamuflera praten som eit møte.

Det hender eg undrar litt, når ein del av deltakarne må reisa med fly og kanskje overnatta for å vera med på eit møte på to timar. Er no desse møta so avgjerande viktige at dei kan rettferdiggjera tids- og ressursbruken? Ja, vil sikkert mange seia. Neppe alltid, vil eg hevda, i alle fall i ei tid når video- og telefonmøte er so enkle å få til. Når slike møte er godt planlagde og førebudde, kan resultatet verta minst like godt som eit møte der alle sit kring same bordet. I tillegg kan reisetida reduserast til eit minimum. Og so får ein meir tid til å utføra det som vert bestemt på møta.

Sjølvsagt: somme møte kan best gjennomførast når det er høve til å sjå kvarandre i kvitauga, og ein verkeleg kan kjenna på kontakten med andre menneske. Likevel, eg er overtydd om at mange gonger kan fysiske møte erstattast med digitale møteformer, eller rett og slett sløyfast. Men – kanskje må me ha eit møte for å drøfta det?

Share