Stikkordarkiv: telefonmøte

Møte

I eit langt yrkesliv brukte eg sikkert fleire år på å sitja i møte. Mange gonger var det nødvendig for å koma vidare i konkrete saker eller prosjekt. Likevel vil eg hevda at møte ofte er eit misbrukt samhandlingsinstrument. Ja då, eg sit i glashus. Svært mange av dei møta eg har vore med på, har eg styrt sjølv. I endå fleire møte har eg vore vanleg deltakar utan annan innverknad på innhald og gjennomføring av møta enn det som følgjer naturleg av å vera deltakar.

Og for all del, i korrekt byråkratisk drøftingsånd, er det lett å vedgå at strukturerte møte kan vera eit ypperleg instrument for å utvikla eit prosjekt, eller gjennomdrøfta sakskompleks for å koma fram til fornuftige konklusjonar. Det krev sjølvsagt at møteleiar har vilje og evne til å driva drøftingane framover, kunna strukturera, analysera og oppsummera, slik at alle deltakarane forstår kor langt ein har kome, og kva som skal arbeidast vidare med. Heldigvis er det mange møte som fungerer slik.

Når eg hevdar at møte ofte er eit misbrukt instrument, tenkjer eg på dei altfor mange gongene når nokon finn ut at dei må ha eit møte, fordi dei vil ha eit møte. «Dette må me ha eit møte om», kan ofte vera utgangsreplikken for slike møte. Ofte endar det opp som ei ustrukturert pratestund. Deltakarane er like kloke etterpå som dei var før møtet starta. Somme vil nok kunna hevda at det var ein nyttig og god prosess. Men eg høyrer nok til det folkeslaget som prøver å halda meg unna møteprosessar der møtet er eit mål i seg sjølv. Prata med folk kan eg gjera utan å kamuflera praten som eit møte.

Det hender eg undrar litt, når ein del av deltakarne må reisa med fly og kanskje overnatta for å vera med på eit møte på to timar. Er no desse møta so avgjerande viktige at dei kan rettferdiggjera tids- og ressursbruken? Ja, vil sikkert mange seia. Neppe alltid, vil eg hevda, i alle fall i ei tid når video- og telefonmøte er so enkle å få til. Når slike møte er godt planlagde og førebudde, kan resultatet verta minst like godt som eit møte der alle sit kring same bordet. I tillegg kan reisetida reduserast til eit minimum. Og so får ein meir tid til å utføra det som vert bestemt på møta.

Sjølvsagt: somme møte kan best gjennomførast når det er høve til å sjå kvarandre i kvitauga, og ein verkeleg kan kjenna på kontakten med andre menneske. Likevel, eg er overtydd om at mange gonger kan fysiske møte erstattast med digitale møteformer, eller rett og slett sløyfast. Men – kanskje må me ha eit møte for å drøfta det?

Share