Forfatterarkiv: Magne Velure

Slumrestunder

Vaknar altfor tidleg
til å stå opp,
søkjer inn i slumreland,
er både sovande og
vaken,
tenkjer på det
som skal gjerast,
burde ha vore gjort,
burde ha vore usagt,
formulert annleis,
leikar med dersom-tankar,
kva hadde skjedd
dersom…

vaknar etter ei god stund,
medvitet tek inn røyndom
og klokkeslett,
på tide å vekkja til live
kaffitraktaren.

Share

Femte etasje

Femte etasje gjev perspektiv
på livet,
det meste er der nede,
ein ser ned på dei som
går på gardsplassen,
har fugleperspektiv på bilane
som strevar med å følgja
parkeringslinjene,
ein udiskutabel
femte-etasje-kvalitet
er at snjoen kjem
ferdigmoka,
og det er nokon andre
som slår graset,
i femte etasje kan ein sjå rett fram
og ser då over andre tak,
ser åskantane i horisonten
og sola som går ned seint om kvelden
i Gausdalsskaret,
perspektivet i femte etasje
fortel også
at dei nye blokkene
eigentleg er to etasjar for høge,
det er vel slikt som vert kalla
perspektivrikt liv.

Share