Kategoriarkiv: Hardanger-minne

Ei familiesoge frå 1890-talet

I ein tidlegare tekst skreiv eg om eit brev som eg har etter eine oldebesten min på farssida. Etter ein av oldebestane mine på morssida, Håvard Håvardson Urheim (1868-1898), har eg kopiar av fleire brev som han har skrive. Dermed kjem eg litt nærare inn på han, i alle fall på somme måtar, sjølv om det er rett å seia at han berre so vidt var innom slekta.

Håvard var yngste guten i ein barneflokk på fem. Breva etter han er frå åra 1886-1896. Dei er ikkje so mange, men gjev likevel eit inntrykk av ein livsglad ung mann med samfunnsengasjement. Breva er frå ein periode då han arbeidde som seljar/handelsmann i Nord-Noreg, og breva er stila til ein kamerat heime i Hardanger. Det er litt uklårt om han heldt seg i Nord-Noreg heile året, eller om han berre var der i periodar. Breva er sende frå ulike stader, fordi han reiste rundt og selde varer til fiskarar og fastbuande. Fleire av breva er skrivne på brevpapiret til handelsmannen Knut Saue i Harstad. Det kan tyda på at Håvard var tilsett i det firmaet.

Han skreiv på nynorsk, og det er ulikt andre brev frå den tida. Håvard fortel i 1895 at han har starta med eit leselag og mållag i Harstad. Han er svært oppteken av korleis det går med ungdomslaget i heimbygda. Det er tydeleg at han av og til sende tekstar heim til ungdomslagsbladet «Oskeladden». I eit brev frå 1896 klagar han på at det var so mange unionsflagg som vart brukte under feiringa av 17. mai i Finkongkjeilen i Finnmark . Det var berre eitt reint norsk flagg å sjå, og det var det ein same som hadde.

Breva inneheld mykje vanleg radl, slik ein kan venta mellom to unge menn. Han vil gjerne vita om det har kome nye, spennande tauser på gardane i heimbygda. Heimlengten skin gjennom somme gonger, sjølv om han er tydeleg fascinert av naturen i den nordlege landsdelen. I eit brev frå april 1894 nemner han ei jente frå heimbygda, Guri Saue (1868-1946), opphavleg frå Voss. Ho hadde i 1880-åra flytta saman med familien til garden Tveit, som ligg på strekkja mellom Lofthus og Kinsarvik. (Guri var syster til Knut Saue, handelsmannen som Håvard hadde kontakt med eller arbeidde hjå.) Håvard fortel at ho Guri hadde mist mannen sin, handelsmann Nils Gregersen (1855-1894). Dei budde då i Kabelvåg. Håvard ordlegg seg slik at han eigenleg ikkje ankar so mykje på at ho Guri hadde vorte enkje.

Det har ikkje lukkast meg å finna opplysningar om når ho Guri gifte seg med Nils Gregersen, opphavleg frå Tvedestrand. Men eldste dotter deira, Anna Maria, vart fødd 9. oktober og døypt 26. oktober i kyrkja i Kinsarvik. Ei anna dotter, Gudrun Nilsine, vart fødd 9. januar 1894. Same dagen som Guri bar Gudrun til dåpen, 26. mars 1894, gravla ho mannen sin. Nils Gregersen døydde av «hjernebetendelse», som det står i kyrkjeboka.

Tjuefem år gamal sat Guri som enkje med to små jenter. Ho flytte attende til Tveit, og fjerde joledag i 1897 gifte ho seg med Håvard Håvardson. I familieforteljinga vår heiter det at Håvard hadde eit godt auga til Guri i ungdomstida. Det kan i so fall kasta ljos over den småkryptiske formuleringa som Håvard hadde i brevet frå april 1894, då Guri miste fyrste mannen.

Lukka vart ikkje langdryg for Guri i andre ekteskap heller. Allereie i november 1898 måtte ho fylgja Håvard til grava. Han hadde falle utfor ein skrent på veg til Aurland og slege seg ihel. Handelsmann som han var, skulle han vel på eit oppdrag, og gjekk over fjellet til Sogn. Før ho var 30 år hadde Guri vorte enkje to gonger. Det einaste barnet til Håvard og Guri, Kristi, vart fødd i juli 1899. Ho vart besto mi på morssida, men det er ei anna soge.

Magnetofonen

Radionette bandopptakar

Radionette bandopptakar

Det er nok store sjansar for at du som les, ikkje utan vidare veit kva ein magnetofon er. Ei anna nemning er bandopptakar, og då sviv det vel assosiasjonar for dei fleste. Som felespelar var far svært interessert i folkemusikk. For å kunna ta opp sendingar i Folkemusikkhalvtimen, kjøpte far ein bandopptakar. Han må ha skaffa seg opptakaren i 1956, for dei eldste opptaka er frå det året.  Det gruse apparatet var laga av Radionette. Det var nokre få andre i grannelaget som hadde kjøpt bandopptakarar tidlegare, og dei hadde ein litt dyrare versjon frå Tandberg.

Bandopptakaren er eit lite møbel i seg sjølv, kledd i mahognimaterial. Far kjøpte eit eige kabinett, det også i mahogni. Når me opnar framdøra, kjem bandopptakaren, som står på ei hylle, ut av kabinettet, klar for bruk. Med kabel kunne apparatet koplast til radioen, og dermed kunne far ta opp musikksendingar frå NRK. Han måtte kjøpa eigne opptaksband. Det var viktig at det var plass til mykje musikk på kvart band, for dei var etter måten dyre. Det står 25 kr på dei eldste banda. Etter kvart fekk far eit lite, privat opptaksarkiv frå Folkemusikkhalvtimen. Ei hende gong gjorde han opptak av gjestande spelemenn, men berre nokre får gonger av seg sjølv. På 1970-talet skaffa han seg stereoanlegg med kassettspelar, og då vart Radionette-spelaren berre brukt til å spela av dei gamle spolebanda.

Sjølv hadde eg glede av bandspelaren på mange måtar. Eg hugsa ein gong då eg var heime frå skulen med influensa. Eg fekk liggja på sofaen i stova, og brått kom det eit program med trekkspelaren Carl Jularbo i radioen. Eg bykste til, sette på bandspelaren og sikra meg mange Jularbo-slåttar. Dei var gode å ha for ein begynnande trekkspelar, som var ukunnig i notar, og som berre spelte på gehør.

Bandopptakaren kunne ogso fungera som forsterkar, på det viset som var. Eg hugsar ei samkome i ungdomslaget på Lofthus vinteren 1961. Det var ein av dei fyrste gongene den seinare operasongaren Arild Helleland opptredde. Han og Åshild Helleland spelte gitar og song «En liten leilighet, et lite sted å bo, det ville vi så gjerne ha…». Dei klemde seg saman framfor den vesle, runde mikrofonen som fylgde med bandopptakaren, og ut av den vesle høgtalaren på opptakaren kom det sjarmerande barnesong som gjorde stor lukke hjå forsamlinga. Sannsynlegvis var det heilt uturvande å bruka mikrofon, men det såg sikkert tøft ut.

I dag er denne Radionette bandopptakaren fyrst og fremst ein nostalgisk knagg for systrene mine og meg sjølv; eit minne om ein far som tidleg tok i bruk forbrukarelektronikk for å å kunna dyrka musikkinteressa si. Samstundes er bandopptakren eit konkret minne frå ei industritid då norske produkt frå Radionette og Tandberg gjorde seg sterkt gjeldande i ein veksande marknad for elektroniske produkt. Dei representerte starten på ei rivande teknologiutvikling som i dag gjer det mogeleg for oss å strøyma musikk frå all verda når som helst og bokstavleg talt kvar som helst. Det er ikkje lenger nødvendig å rigga til ein bandopptakar, korkje for å ta opp musikk, eller for å spela musikk. Om me vil, kan me ha tilgang til musikk heile tida. Eg trur likevel at eg held ein knapp på den gamle tida, om ikkje anna so for å fargeleggja eit veksande nostalgisk minnerom.