Kategoriarkiv: Språk

Inkjevetta

«Nei, slikt er ikkje å bry seg om; det er inkjevetta,» kunne far ordleggja seg. Han meinte det ikkje var noko å bry seg om, når me ungane klaga på noko lite som hadde hendt, og som me ikkje likte eller tykte var urettvist. Meldinga hans var kontant og gav bod om at det ikkje var noko å bruka tid og energi på. I dag ville det vanlege ordet ha vore ‘ingen ting’, som dominerer i daglegspråket både hjå ung og gamal.

‘Inkjevetta’ er samansett av to ord, og siste lekken kjem truleg får ‘vette» = eit vesen, ein ting. Eit ‘vette’ kunne tidlegare verta brukt om underjordiske vesen.

«Han er ikkje noko inkjevetta,» kunne me seia om ein person for å fortelja at nokon var viktig eller framståande. Det kan likevel liggja dobbel meining her, spesielt når formuleringa inneheld dobbel nekting. Personen kan heilt reelt vera viktig. Men formuleringa kan òg signalisera at det er vedkomande sjølv som trur han/ho er viktig, medan omgjevnadene er heller tvilande. Det er berre samanhengen og formuleringa i lag med tonefall og kroppsspråk som fortel kva avsendaren meiner. Denne uttrykks-rikdomen som ligg i språket vårt, kan gjera samhandlinga med andre personar ekstra innhaldsrik og gjevande, berre me veit å ta vare på det språklege mangfaldet.

Å kjenna seg inkjevetta er ikkje noka god kjensle. Då kan ein hamna i ein djup og myrk kjellar. Slike gonger gjeld det å finna vegen opp kjellertrappa fort og svint. Språkleg uttrykkjer ‘inkjevetta’ i slike samanhengar mykje meir enn det meir nøytrale ‘ingen ting’. Ja, i grunnen er ‘inkjevetta’ eit stempla godt ord. Slikt kan ein hevda når ein har vakse opp med ordet. Andre kan med like stor rett hevda at ordet verkar søkt og framandt. Uansett: det er ikkje inkjevetta å vera open og var for språklege nyansar og mangfald når ein vil humpa med i den evige språkdansen.

Å grisla

Her om dagen fekk eg eit spørsmål om kva eg grisla med. Ordet kjenner eg frå barndomen, men eg bruker det ikkje til vanleg. ‘Å grisla’ er eit godt uttrykk i den meining at det også lydmessig uttrykkjer det å stuka på, driva på med noko, rota rundt. Ordboka fortel at ‘grisla’ kan koma frå lågtysk, og at det kan ha samanheng med gris og måten han oppfører seg på. Ordet har fleire andre tydingar, m.a. å spreia noko tunt, t.d. høyet. Ei anna tyding er frå baking, der det å gje brød kort oppvarming og pensla med sukkervatn før den eigenlege steikinga, vert kalla «å grisla».

Som så mange andre ord og uttrykk har ‘grisla’ samanheng med praktisk arbeid i heimen og i landbruket. Grisla er nok døme på ord som etter kvart kverv frå aktiv språkbruk. Det heng sjølvsagt saman med at arbeidsmåtar og gjeremål endrar seg i takt med teknologisk utvikling. Språkutvikling vil alltid vera ei blanding av at noko forsvinn og nytt kjem til. Det er i grunnen litt synd at ord som grisla går ut av bruk, fordi dermed forsvinn også mangfald og fleksibilitet i måten me yttrykkjer oss på. På den andre sida kan ein seia at når referanseramma for ord og uttrykk vert borte, misser orda meining og innhald.

Vedkomande kunne òg ha spurt meg kva eg syslar med. Det ordet er nok meir vanleg enno i dag. Kanskje meir vanleg som substantiv – «ein syssel» – enn som verb. Dei fleste vil forstå at me meiner å utføra gjeremål, oppgåve, arbeid o.l. når me spør kva folk syslar med.

Ein tredje variant kunne ha vore «pusla/putla»: «Kva puslar du med i dag?». Her kan nok meininga av og til vera å utføra småoppgåver, førefallande arbeid, kanskje litt planlaust for å få tida til å gå. Substantivet «pusling» er eintydig negativt i meininga vesal og stakkarsleg framtoning.

Det vanlege verbet me bruker i daglegtalen for «å grisla», «å sysla og «å pusla», er «å gjera». Det fungerer heilt fint; me får uttrykt det me skal, dei fleste gongene. Men stundom kjennest det både godt og fornuftig å vera litt meir finstemt i nyansane, sjølv om det berre er snakk om å gjera noko.