Datoar

På ein måte er livet ein lengre eller kortare sekvens av datoar. Kvar av oss får ein startdato i det me vert fødde. Før eller seinare kjem ein sluttdato òg. Ingen av dei datoane har me styring over sjølve. Det er like greitt. Alle dei andre datoane som ligg i mellom, derimot, dei kan me styra med sjølve, gje dei innhald, i alle fall innanfor det spelerommet me disponerer til kvar tid.

Langt dei fleste datoane fer av garde; dei er der, men me ensar dei knapt. Det er dei sokalla kvardagane. Det er flest av dei. I grunnen er dette dei viktigaste datoane i livet. Med varierande kraft og innleving prøver eg å seia til meg sjølv og andre at kvardagane er dei viktigaste dagane i livet. Utan dei hadde me ikkje kunna merka dei spesielle datoane me lagar oss gjennom livet. Det er dei datoane som me hugsar ekstra godt, som me set inn i gullkanta minnerammer, som får fram i oss glede, forventning og velvære. Dei markerer me med fotografi, merkar av i kalendrar, skriv litt ekstra om i dagbøker eller framhevar i den personlege forteljinga som me deler med andre. Men alle dei spesielle dagane treng kvardagar som grunnlag; kvardagane gjev dei spesielle dagane meining.

Dei fleste av oss møter òg spesielle dagar som ligg som tunge skyer i minnehorisonten. Det er datoar som me gjerne skulle klart oss utan. Slike datoar kan liggja som tunge klumpar i magen; me strevar med å fordøya dei. Dei er der likevel. Spørsmålet er korleis me lærer oss å leva med slike datoar òg. Måten me klarer det på, er nok avhengig av kva fargar me maktar å gje kvardagane. Kanskje er det slik at di meir me klarer å gje fleirtalet av datoane våre, kvardagane, eit fargespekter som spelar på fleire nyansar enn svart-kvitt, di betre er me skodde til å takla dei spesielle dagane, anten dei er positive eller negative. Kanskje burde me framheva dei trauste, solide, attkjennande og repeterande kvardagane, fylte med vanlege og kanskje litt usynlege detaljar. Vel skal me kunna sola oss, av og til, i dei spesielt positive dagane. Det er ikkje noko gale i det. Likeins må me streva oss gjennom dei mindre kjekke dagane. Dei høyrer livet til, korkje meir eller mindre. I den store datosamanhengen er likevel livsgrunnmuren å finna i kvardagane. Kanskje skulle me nokon kvar slå eit slag for dei trauste kvardagane, fleirtalet av datoane våre!

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *