Enkelt

Skulle gjerne ha sagt:
dette er enkelt,
dette veit eg godt,
kvar gong
dilemma bankar
på inngangsdøra og
eg vert sitjande på
ganggolvet
med knea oppunder
haka,
observerande og grublande,
medan bankinga held fram;
å finna det enkle
er ikkje alltid
enkelt.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.