Ferdig krøkt

«Ein skal tidleg krøkjast
for å verta god krok»,
– slikt fekk me høyra
då me vaks opp,
seinare har eg streva med
å finna ut
når ein er ferdig krøkt,
er i grunnen glad
for all tid
der det er noko
å krøkja.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *