Einsleg fjør i fjøresteinane

Det ligg ei einsleg fjør
i fjøresteinane,
ein måse har mist
av fjørhamen sin;
fjøra fylgjer vinddraget
bortetter,
stryk seg varleg
over harde steinar,
kjenner at jordelivet
er ugjestmildt og kvast
når ein landar
på steingrunn.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *