Januarsol

Sit med augo festa
mot åskammen,
ser gule strålar
leika med tretoppar
som strekkjer seg mot
kald, blå himmel;
ventar på at solstrålane
skal strekkja seg over
tretoppane,
skal fylla synsfeltet
med blendande ljos,
skal pensla furete kinn
med varleg varme,
skal vekkja ei von
om enno ein vår.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *