Skulle ha vore ein tulipan

Skulle ha vore ein tulipan
i desse korona-tider,
fri for reiseforbod
og karantene,
kunna strekt seg fram
for å gleda
nokon med yre
fargar,
kunna kviskra lågmælt
til den som ville høyra,
ein varsam lovnad
om vårvarme
stunder.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.