So gjorde eg det på nytt,
sette meg til pianoet
i staden for å ta
støvsugaren;
får slike gode minne
ved pianoet,
om stunder då glade kroppar
sveiv rundt på golvet
fordi dei lét seg eggja
av musikken vår;
støvsugaren gjev også
glede,
men det er etterpå,
det vert mange dagar med
etterpåglede.
So gjorde eg det på nytt
Legg igjen en kommentar