Stein på stein

Djupt inne i tett lauvskog
dukkar det fram
restar av ein
steinmur,
kan berre anast
under tjukke lag
av mose og lauv,
ligg der som
attgrodd vitnemål
om ukjende hender
som kunne kunsten
å leggja
stein på stein,
hender som longo sidan
har sleppt taket
i både stein og stav.

Att ligg ei mosegrodd soge
om hender
som til alle tider
har lagt stein på stein
i byggverk som har funne
sikker plass i gløymska.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *