Stille mørker

Stille mørker kan vera
sjelebot
når lyd og ljos
flerrar gjennom
tilværet

stille mørker
er som ei dyne.
legg seg varleg
kring urolege
tankar

stille mørker
er ein ven
i larmen,
lokkar fram ei
undrande von:
i stille mørker
anar eg ljoset
som gjev mørkeret
meining.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *