Ho seier:
– Du er seint ute
Han seier:
– Eg rakk det akkurat
Ho seier:
– Det er litt seint
å rekka akkurat
Han seier:
– Men ikkje for seint?
Ho seier:
– Det vil visa seg
Han seier
ingenting,
tuslar berre tankefull
inn i framtida,
i von om å nå
neste frist
litt før akkurat.