11:50
nistirer på den digitale
klokka,
undrar på kor mykje ein kan
tenkja, skriva og gjera
på 60 sekunder,
før talet endrar seg til
11:51
knapt med ord,
i alle fall når
det skal endrast, strykast
og pussast,
brått står det
11:52
raskare å lesa,
ser at alt er berre
tull,
tre minutt for å skriva
tull,
og so tippar talet over til
11:53.