Stikkordarkiv: draumen om dei rette orda

Orda smett ut døra

Før ein veit ordet av det,
smett orda ut døra,
nett når ein trur,
ja, er heilt sikker på,
at no fanga ein
dei forløysande og
rette orda,
dei som opnar portar
av mangetydig meining,
som teiknar salar av
frigjerande tolking
som fører tankane inn i
ukjende og spennande landskap;

nett når draumen
om dei rette orda
er i ferd med å
festa seg,
smett orda ut døra,
dørlåsen går i vranga,
attende sit ein
ordgrovsmed og
røyner nok ein gong
at draumen om dei rette orda
gjer seg best som nett det:
ein draum.

Share