Stikkordarkiv: fåmælt

Tothol

Du veit truleg ikkje kva eit «tothol» er. Når du no får vita det, vil du heller ikkje vera det. «Å tyta» er å snakka heile tida, utan at det nødvendigvis er so meiningsfullt det som kjem ut; eit «tothol» er ein person som tyt heile tida. «Må de tyta i eino?», kunne far stundom utbryta, når me ungane maste og skravla for mykje, i alle fall etter hans meining.

Me fekk tidleg innprenta at me skulle ikkje vera «tothol», det var litt skamfullt. Me forstod at idealet var å ikkje prata i utrengsmål. Orda skulle berre brukast når me hadde noko viktig å seia. På besøk hjå framande skulle me i alle fall passa på å ikkje tyta. Det er nok ikkje for ingenting at hardingar, i alle fall i eldre tid, hadde ord på seg å vera fåmælte og mutte, på kanten til å vera arrogante og uvenlege. Kvifor det var eit ideal å spara på orda, veit eg ikkje, og eg skal heller ikkje prøva meg på psykologisering.

I dag trur eg knapt den oppveksande slekta i Hardanger veit kva «tyta» og «tothol» betyr. Idealet er nok som andre stader at folk skal bjoda på seg sjølve heile tida, gjerne snakka på inn- og utpust for å visa at dei har vilje og evne til å ta del i det sosiale samspelet. I medieverda verkar det som om det fremste kravet til programleiarar er at dei kan tyta heile tida; snakka fyrst, tenkja etterpå, dersom dei har tid. Eg heng nok enno att i barnelærdomen om at ein skal ikkje snakka i utrengsmål. Rett som det er, kan det vera triveleg å teia i lag med andre. Tagnad kan innehalda mange meldingar.

Share

Altfor mange ord

Dei dukkar opp,
nesten kvar dag,
dei mange som sender frå seg
altfor mange ord,
ord som legg seg
på kvarandre
som smør på flesk,
glatte, utflytande
ordskrottar,
som klumpar seg saman
i ugjennomtrengelege
buntar.

Eg søkjer livd i
ei diktsamling,
hjå meisteren,
syg til meg
fåmælt livsvisdom:
«Tåre,
du tarv ikkje falla,
eg veit du er salt.»

Sitatet er frå Olav H. Hauge: «Tåre, du tarv ikkje falla» i samlinga «Under bergfallet» (1951).

Share