Du veit truleg ikkje kva eit “tothol” er. Når du no får vita det, vil du heller ikkje vera det. “Å tyta” er å snakka heile tida, utan at det nødvendigvis er so meiningsfullt det som kjem ut; eit “tothol” er ein person som tyt heile tida. “Må de tyta i eino?”, kunne far stundom utbryta, når me ungane maste og skravla for mykje, i alle fall etter hans meining.
Me fekk tidleg innprenta at me skulle ikkje vera “tothol”, det var litt skamfullt. Me forstod at idealet var å ikkje prata i utrengsmål. Orda skulle berre brukast når me hadde noko viktig å seia. På besøk hjå framande skulle me i alle fall passa på å ikkje tyta. Det er nok ikkje for ingenting at hardingar, i alle fall i eldre tid, hadde ord på seg å vera fåmælte og mutte, på kanten til å vera arrogante og uvenlege. Kvifor det var eit ideal å spara på orda, veit eg ikkje, og eg skal heller ikkje prøva meg på psykologisering.
I dag trur eg knapt den oppveksande slekta i Hardanger veit kva “tyta” og “tothol” betyr. Idealet er nok som andre stader at folk skal bjoda på seg sjølve heile tida, gjerne snakka på inn- og utpust for å visa at dei har vilje og evne til å ta del i det sosiale samspelet. I medieverda verkar det som om det fremste kravet til programleiarar er at dei kan tyta heile tida; snakka fyrst, tenkja etterpå, dersom dei har tid. Eg heng nok enno att i barnelærdomen om at ein skal ikkje snakka i utrengsmål. Rett som det er, kan det vera triveleg å teia i lag med andre. Tagnad kan innehalda mange meldingar.