Stikkordarkiv: glede

Trivlar etter ord

Du veit kanskje ikkje kva ‘trivla’ betyr? Jau, det er når du leitar i blinde, i mørkeret, litt hjelpelaus, kanskje litt redd, veit ikkje heilt kva du skal gjera eller seia. Eg trivlar ofte etter ord. Dei er so vanskelege å finna, i alle fall dei rette orda, dei som kastar ljos, set ting på plass, dei som får ein sjølv og andre til å seia: nettopp, slik er det! Nettopp-orda ligg ikkje akkurat i dagen, dei er som sjeldne gullklumpar i eit hav av sandgjørme. Hjartelause tilstandar i verda hjelper heller ikkje på trivlande vandringar etter ord som kunne teikna opp ei betre framtid for barneborna våre. Det er fordi ord i seg sjølve ikkje kan endra realitetane her og no; i beste fall kan dei påverka det som skal henda. Når uvissa i verda har ein negativ dåm, vert det ekstra krevjande å finna ord som gjev voner for framtida. Det enklaste er å setja på seg skylappar, leita opp dei gledene som ligg nett rundt ein, smilen ein kan lesa ut av ei telefonsamtale, musikkstrofa som gjev dei gode vibrasjonane, spørsmålet frå eit barnebarn om besten har det bra, ynsket frå nokon om å bidra med det ein enno kan. Dei små gledene i livet er kanskje det beste fundamentet for at det skal finnast store gleder i samfunnet.

Nett no ser det ut til at sola skal kjempa seg gjennom skoddehavet som har lege tett sidan morgonen.

«Ka-dunk»

«Ka-dunk»,
bilane køyrer over
kumloka
i 80-sona,
jamn lyd
som fylgjer trafikken,
repeterande i det uendelege,
«ka-dunk»,
litt raskare enn
eit vanleg hjarteslag,
med mindre hjarta
er litt oppøst,
kanskje av glede
eller var det sorg?
«Ka-dunk»,
trafikken flyt vidare
mot eit endepunkt,
ukjent for oss
som berre høyrer lyden
av «ka-dunk»,
men me veit at endepunktet finst
der framme.