Haustmørker

Snikande kveldsmørker om hausten
legg seg som ei lun dyne
kring tankane,
kapslar inn minne
om ljosare dagar,
gjev rom for
sein tid,
for tankerekkjer
der innfalla hektar seg på
kvarandre,
utan mål og meining,
og alt berre er,
i eit omfamnande, stille
mørker.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.