Stikkordarkiv: krig

Talblind

Fyrst kom krigsbileta av gråtande barneandlet,
dei slo hardt,
rett i mellomgolvet,
skapte kjensleskreder av
fortviling, hjelpeløyse og
sinne,
so kom tala,
aukande tal på drepne, såra, flyktningar,
tal på alt elendet
som fylgjer med krig,
talblinde strevar me med å fatta
all øydelegging og
liding,
all meiningsløyse som
fyller verda når
maktgalne despotar
ikkje bryr seg om
menneskeverd og likeverd.

Godt verna i vår steinrøys
av verda
lever me dei vanlege
liva våre,
litt talblinde,
men ikkje kjenslelause.

Share

Krigstårer

– Eg veit det er krig.
Femåringen ser i videokamera,
deler store tårer
med heile verda.
– Eg vil ikkje døy,
seier femåringen,
bøyer hovudet,
ser tårene
falla ned på
trillekofferten
han sleper med seg.

Kamera forlèt det gråtande
barneandletet,
me sit trygge i fjernsynsstolen,
kjenner barnetårer etsa seg inn i
hjelpeløysa over at me
enno ikkje har makta skapa eit samfunn
der krigstårer ikkje heimsøkjer
barneandlet.

Klamrar oss til ei von om at
snart skal smilen erstatta
tårene på eit levande barneandlet,
trillekofferten skal bytast ut
med ein trygg heim,
ei hjelpelaus klamrande von
strevar med å finna plass
mellom realpolitiske analysar,
me må binda oss fast til
vona.

Share