Når tida er inne for
dekkskift og vaksine,
veit ein at
det har gått eitt år
sidan sist,
det gjeld å bu seg
på hålke og virus
og hanka seg gjennom
ei vinterframtid,
gleda seg over
all årsvariasjonen
me kan oppleva her nord
i steinrøysa,
der me til oss sjølve og omverda
deklamerer
«dekkskift og vaksine»
i tretakt.
Stikkordarkiv: steinrøysa
Talblind
Legg igjen en kommentar
Fyrst kom krigsbileta av gråtande barneandlet,
dei slo hardt,
rett i mellomgolvet,
skapte kjensleskreder av
fortviling, hjelpeløyse og
sinne,
so kom tala,
aukande tal på drepne, såra, flyktningar,
tal på alt elendet
som fylgjer med krig,
talblinde strevar me med å fatta
all øydelegging og
liding,
all meiningsløyse som
fyller verda når
maktgalne despotar
ikkje bryr seg om
menneskeverd og likeverd.
Godt verna i vår steinrøys
av verda
lever me dei vanlege
liva våre,
litt talblinde,
men ikkje kjenslelause.